LESERINNLEGG:

Bernt Bøe

Dialektperler og attraktive stadnamn

Tilreisande stortrivst på Nordmøre – med herleg folkeliv og fantastisk natur. Vertskapet har perler å by på. Også kultur, historie og stadnamn er reine klenodia. Særleg når dialekten legg farge på.

Publisert Sist oppdatert

Nordmørsdialekten er eit makelaust uttrykksmiddel. Aller best i levande tale, men også som mønster for god skriftkultur. Med sin rikdom av treffande ord og uttrykk, bøyingsformer og kasus uttrykkjer den seg langt betre enn språket i media.

Må redningsaksjon til?

Dessverre kan trendar i tida utradere denne fantastiske språkreiskapen. Endatil godt vaksne nordmøringar ser ut til å miste grepet om sitt eige morsmål.

For eksempel dativbruken. Dette presisjonsinstrumentet står i fare for å ramle ifrå kvarandre. Ei katastrofe om det skjer! Kanskje må ein redningsaksjon til? Komande generasjonar fortener fullt utbytte av morsmålet sitt. Og besøkande må få del i språkperlene!

Flessa - Flessen

Nyleg var gards- og stadnamnet «Flessa» tema på facebook. Bøfjorden Historielag føler interesse og ansvar i spørsmål om lokal språkkultur. Difor nokre refleksjonar rundt dette.

To skilt på Korsvika viser stadnamnet «Flesa» og namnet på campingplassen «Flessen». Forvirrande? Nei da: Begge skrivemåtane er korrekte!

Namnet kjem nok av den «flesa» (skjeret i sjøkanten) vi ser attmed garden. Vel kunne Kartverket ha skrive «Flessa», men slik seier vi det likevel! Vi uttalar jo kort vokal også i ord som «at», «til», «om» og «nes» – Årnes, Korsneset, Straumsneset.

Kasusbøying understrekar meininga

Kva så med forma «Flessen» – om campingplassen, slektsnamnet og i setningsbruk? Svaret ligg i ordbøyingar og kasus som nominativ og dativ.

I nemneform heiter staden no som alltid «Fles(s)a». Vi seier: «Eg skal ein tur uti Flessa.» Men når eg er komen dit, brukar eg dativ: «No er eg uti Flessen.» Etterpå: «Eg har vore i Flessen.»

Den som slektar «frå Flessen», brukar dermed Flessen som etternamn. Eigaren av campingen heiter korrekt Ole Flessen – med full rett til å bruke etternamnet sitt på firmaet – Flessen (Camping).

Med andre ord: Nominativ «Flessa» og dativ «Flessen» er ikkje motstridande, men utfyllande former av namnet.

Høgt presisjonsnivå

Tilsvarande samhandling gjeld alle kjønn i nordmørsdialekten: – Eg likar denne bokja. Det står mykje bra inni bokjen. – Naboen har måla huset sitt. Det er svart tak oppå husa. Og i fleirtal: – Ser du alle trea? Det er lauv på treå.

Presisjonsnivået i god dialektbruk er høgt. Å «gå opp på fjellet» betyr sjølvsagt å gå opp lia. Men viss eg på nordmørsk seier «Eg går oppå fjella», da er eg oppkomen og vandrar oppe på viddene. Tilsvarande manglar i normalspråka.

Vi kan også bruke begge bøyingsformene i like setningar, men med ulik meining. Viss eg «har vore inni Flessen», har eg stansa der og gjort meg god tid. Seier eg derimot «eg har vore inni Flessa», er også det korrekt. Men da har eg berre så vidt vore der og snudd straks, utan å bli verande. Så nyansert kan altså dialektbruken vera!

Attraksjonar

Desse språkfenomena må vi ta vare på. Dei er lokale kulturskattar og attraksjonar på lik linje med naturen, kulturlivet og alle dei trivelege menneska på Nordmøre.

Og for all del: Ta deg gjerne ein tur uti Fles(s)a!

.................

Bernt G. Bøe

leiar i Bøfjorden Historielag

Begge skilta på Korsvika talar rett!
Denne «flesa» (flua) i sjøkanten har nok gjeve namn til plassen. I bakgrunnen Neslandet og Ålvundfjorden.
Garden Flessa (Flesa) – no fråflytta.
Powered by Labrador CMS