LESERINNLEGG:

Eivind Hasle

Kan du lese og skrive morsmålet ditt ?

Publisert Sist oppdatert

Vi er mange som likar dårleg at internasjonale målingar synest å tyde på at norske barn og ungdommar les og skriv dårlegare enn for nokre år sidan. Den negative utviklinga gjeld fleire land, t.d. i enda større grad Sverige, men gir likevel grunn til uro. Gode ferdigheiter i lesing og skriving er ein føresetnad for både eit godt og velfungerande arbeidsliv og for den demokratiske samfunnsmodellen vår.

Men det er liten vits i å rette kritiske blikk mot barn og ungdom om ikkje dei vaksne, foreldre og besteforeldre, går føre som gode førebilete. Det er positivt at barnehagen og skolen har gode vurderingar av behovet for lærebøker, lesetrening og bibliotek, at oppslutninga om «sommarleskampanjen» o.l. er positiv, og at ein ser at konkrete bøker ikkje bør erstattast av digitale hjelpemiddel i alt for stor grad, sjølv om det kanskje kan spare pengar. Men også vi vaksne og eldre blir ramma når dei konkrete avisene, tidsskriftene, bokhandlarane og bøkene blir borte til fordel for nettbaserte media.

Og vi er alle skadelidande når butikkar og bedrifter og til og med offentlege instansar som kommune og fylke ikkje tar kommunikasjonen sin på alvor og presenterer seg på eit blandingsspråk av nynorsk, bokmål og engelsk – og manglande feilretting. Ekstra viktig synest eg det er at den kanskje viktigaste møteplassen i Surnadal for både barn og vaksne – Kulturhuset - legg lista høgt når det gjeld oppslag og informasjonsark: Her ser vi alle tydeleg kvar Surnadal legg lista når det gjeld å vise språkleg kompetanse i Vårsøglandet!

Eivind Hasle

Powered by Labrador CMS