LESERINNLEGG:
Alle barn fortener tilbod om skulegudstenester
No er det høgsesong for skulegudstenester, og det er mykje glede og kreativitet som utfaldar seg rundt omkring i bygd og by for å markere julehøgtida og bodskapen om barnet i krubba. Tilbodet om skulegudsteneste i førjulstida bør vere sjølvsagt, og vi må halde fram med å gi barna sjansen til å lære om kvifor vi faktisk feirar jul.
Fylkesstyret i KrF Møre og Romsdal har inntrykk av at det er eit tett og godt samarbeid mellom Den norske kyrkja og skulane i fylket vårt om å feire skulegudstenester i samband med julehøgtida. Kyrkja stiller gjerne opp, og skulegudstenestene blir forma i eit nært samarbeid mellom lærarar, elevar og tilsette i kyrkja. Det er ein god tradisjon.
Samtidig er det viktig å sikre fritaksrett for dei som ikkje ønskjer å delta. Informasjon om fritak må kome tidleg og vere tydeleg, og skulane skal alltid legge opp til eit godt alternativt opplegg. Slik kan ein ivareta både trusfridom, inkludering og kulturforståing – utan å svekke tydinga av ein tradisjon som står sentralt i norsk historie.
I fleire kommunar i Noreg har det vore ein debatt om skulane sitt samarbeid med kyrkja om skulegudstenester, og om skulen i det heile tatt kan bruke kristne julesongar og tradisjonar i julemarkeringa, i lys av forbodet mot forkynning i skulen. Dette har gjort fleire rektorar rundt om i landet usikre om kva som faktisk er lov. Det er synd, for kunnskapsministeren, Stortinget og Utdanningsdirektoratet har vore tydelege på at det ikkje er noko forbod mot å arrangere skulegudstenester.
Jula står sterkt i norsk kultur. Det er vanskeleg å forstå kvifor vi feirar jul utan å kjenne til høgtida sitt kristne innhald. Skulen gir teoretisk kunnskap, men ei skulegudsteneste gir barna førstehands erfaring med korleis jula faktisk vert markert i kyrkja. Det gir ei djupare forståing av tradisjonane som har prega Noreg gjennom mange hundre år.
Dessverre vert det ofte skapt eit inntrykk av at kristne tradisjonar må tonast ned for ikkje å støyte elevar med annan bakgrunn. Det er sjeldan minoritetar som protesterer mot skulegudstenester. Protestane kjem oftare frå dei som ønskjer å presse trua ut av det offentlege rommet. I eit stadig meir mangfaldig samfunn blir det endå viktigare at alle barn veit kvifor vi feirar jul, og kva plass kristendommen har i norsk historie og kultur. Elevane i skulen skal lære om mange religionar, men kristendommen si særstilling i norsk kulturarv gjer det naturleg at barna òg får møte denne tradisjonen i praksis.
Fylkesstyret, KrF Møre og Romsdal