Mann med ski på ryggen løper opp en snødekt bakke
Isak Drøpping

Idrettsstipend til Isak Drøpping

Kultur- og folkehelseutvalet har tildelt idrettsstipend til Isak Drøpping frå Trollheimen fjellsportklubb og Borghild Oline Holstad frå Hareid IL. Molde turnforening får årets klubbstipend. Stipenda er på 50 000 kroner kvar.

Publisert Sist oppdatert

Idrettsstipendet går kvart år til to utøvarar – ei kvinne og ein mann – i alderen 16-23 år. Dei må kunne vise til gode prestasjonar regionalt, nasjonalt eller internasjonalt. Dei må også vise til gode utviklingsmoglegheiter. I tillegg ønsker fylkeskommunen å støtte opp om ein klubb som viser høgt aktivitetsnivå og god drift, skriver de i en pressemelding onsdag.

Stipendtildelingane viser eit mangfald av idrettsaktivitetar som framhevar utøvarar som gjer det godt i sine idrettar.

– Håper det utgjer ein forskjell

– Vi har mange ambisiøse idrettsutøvarar med veldig gode idrettsprestasjonar frå fylket vårt. Dei hevdar seg både i nasjonale og internasjonale konkurransar. Det kostar ofte mykje for utøvarane å satse på toppidrett, og i mange idrettar er det ikkje mogleg å leve av det. Vi håper at stipendet kan utgjere ein liten forskjell i satsinga, seier Roger Bach, nestleiar i kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune

Når det gjeld klubbstipendet så viser Bach til at det er mange idrettsklubbar som kvar dag utgjer ein forskjell i livet til barn og unge.

– Vi verdset denne innsatsen og er glad for å kunne dele ut stipendet, seier Bach.

Har målsetting om OL i 2030

Isak Drøpping er 19 år, kjem frå Surnadal og representerer Trollheimen fjellsportklubb. Han driv med randonee om vinteren og fjelløp i sommarsesongen. Han har topplasseringar i begge idrettane og set bronsjemedaljen frå junior-VM i randonee i 2025 høgast av alle. Han har også ein 2. plass i ein verdscupkonkurranse for ungdom i randonee.

I fjelløp vart han juniornorgesmeister i 2025 og kom på 2. plass i ungdoms-VM (klassa for 18 år og yngre) i 2024.

I randonee har Isak mål om å delta i OL i 2030, og i fjelløp er målet å prestere i internasjonale løp så vel som nasjonale og lokale løp. Isak ønsker å bruke stipendet på trenarhjelp, til utstyr, og til å delta på treningssamlingar.

Omtale av de øvrige stipendmottakerene

Borghild Oline Holstad

Borghild Oline Holstad er 20 år og representerer Hareid IL. Ho driv med friidrett og 400 meter løp er hovuddistansen. Ho tok gull i ungdomsmeisterskapen 2025 (tilsvarande NM for 15–19-åringar) på både 200 og 400 meter, og var også med på stafettlaget som tok gull for både Hareid IL og Møre og Romsdal. Ho tok bronse i senior-NM i 2026. Vidare tok ho gull i nordisk meisterskap og kom til finalen i junior-EM i 2025. Ho er no på U23-landslaget, og på det norske stafettlandslaget for seniorar. Ho har delteke i både junior-EM og junior-VM. Borghild Oline ønsker å bruke stipendet til treningsleirar, utstyr og støtteapparat.

Molde turnforening 

Molde turnforening vart stifta i 1897, og har i dag 740 medlemmar. Dei har den daglege aktiviteten sin i Idrettens hus i Molde. Klubben har to tilsette på fulltid og 38 timetrenarar. Dei har tilbud om breidde-, konkurranse- og paraturn. Det siste året har klubben mellom anna arrangert store konkurransar som Nasjonal rekruttkonkurranse med 248 deltakarar frå heile landet, regionkonkurranse for Midt-Norge, og aspirantkonkurranse for Møre og Romsdal. Klubben arrangerer open hall for både medlemmar og ikkje-medlemmar, klubbkonkurransar og -oppvisningar, sommartilbod, haustferietilbod, ungdomsdagar, vinterferietilbod og juleshow. Dette kjem i tillegg til treningstilbodet for personar i alderen 1 til 85 år. Klubben har også topputøvarar i individuelt og lag som hevdar seg nasjonalt, både blant juniorar og seniorar. Molde turnforening ønsker å bruke stipendet til utstyr, og på kompetanseheving for både trenarar og utøvarar som kan betre treningsarbeidet og gi verdifull læring til klubben.

– Dette er verdige stipendmottakarar, og vi gratulerer så mykje til alle tre, seier Roger Bach.

Powered by Labrador CMS