LESARINNLEGG - Oppdatert 11.10.21:

Jenny Klinge og Trygve Slagsvold Vedum på ferga Kvanne -Røkkum

Halv pris på fergebillettar blir ein realitet

I følge regjeringsplattforma til Ap og Sp blir det i løpet av fireårsperioden halv pris på fergebillettar og gratis ferge på strekningar med under 100.000 passasjerar årleg .

Publisert Sist oppdatert

-Dette er ei gedigen nyheit for folk og næringsliv i distrikta og særleg i Møre og Romsdal, seier Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Senterpartiet. Dette er ein stor seier for oss i Senterpartiet etter mange års innsats for billigare ferjeprisar.

-Problemet med høge ferjeprisar har vore vanskeleg å få på den nasjonale dagsordenen, men veljarane har gjennom auka tilslutning til Senterpartiet også påverka andre parti til å lova billigare ferjebillettar. Dette har ført til at vi no faktisk har fått på plass ei halvering av ferjeprisane i regjeringsplattformen. Eg er kjempeglad for dette, fordi eg veit kor mykje det betyr for folk og næringsliv i fylket vårt og langs kysten.

Klinge fortel at det ikkje berre er ei halvering av ferjeprisene blir gjennomført med den nye regjeringa. - Mange samband i fylket vårt vil faktisk få gratis ferje. Dette handlar om øysamfunn utan andre alternativ enn ferje og mindre samband, seier ho.

Slik punktet om ferje er utforma i regjeringsplattforma, vil fleire samband i Møre og Romsdal få gratis ferje i løpet av denne valperioden fordi dei anten har under 100.000 passeringar eller er øysamfunn utan andre alternativ enn ferje. Klinge nemner desse sambanda, som ho går utifrå at vil få gratis ferje: Larsnes-Åram-Kvamsøya-Sandsøya-Voksa, Hundeidvik-Festøy, Standal-Trandal-Sæbø-Leknes-Skår, Molde-Sekken, Småge-Finnøy-Sandøy-Ona-Orta og Arasvik-Hendset. Og Smøla, Otrøya og Gossen.

Oppdatert 11.10.21: Når det gjeld Kvanne-Rykkjem er det slik at dette sambandet har høgare trafikk enn det som gjekk fram av statistikken vi først såg på. Ergo kjem det ikkje inn under kriteriet «under 100.000 passasjerar» og heller ikkje under 100.000 passeringar dersom dette siste skulle bli relevant. Men sambandet får innført gradvis ei halvering av prisen, noko som vil bety mykje for mange.

-Vi i SP ser på ferjestrekningane som ein del av vegen, seier Kristin Sørheim, leiar i samferdselsutvalet. - Vårt forslag om gratis ferje vart først lansert i 2005, og no er det endeleg fleirtal for å gjera noko med det. Det vil bety ei enorm lette for næringslivet og fjerne konkurranseulempa dei har hatt til no og sikre busettinga. Sørheim viser mellom anna til mange industri- og reiselivsbedrifter i fylket som no vil få ein ny kvardag.

Kristin Sørheim i samtale med Jenny Klinge (t. h.) og Bernt Venås.
Powered by Labrador CMS