Statsforvalteren i Møre og Romsdal melder:

Surna i Surnadal

Låg fangst av laks og sjøaure i Møre og Romsdal i 2021 - størst fangst i Surna

Mindre innsig av laks og lite vatn gav ein svak fiskesesong i elvane i 2021. Det vart rapportert inn samla fangst av laks på 21,4 tonn, som var over 13 tonn mindre enn i 2020.

Sjølaksefisket var stengt i heile Møre og Romsdal i 2021, med unntak av Sunndals- og Tingvollfjorden. Dette var ikkje lett å sjå på elvefangstane.

Størst fangst i Surna

Flaumelvane hadde ein dårleg sesong. Nedbør kom først når dei fleste elvane var stengde. Surna hadde igjen størst fangst av laks med totalt 4,5 tonn, fylgt av Rauma med 3,6 tonn. Det vart fiska flest laks i Rauma med 962 stk., men Surna hadde høgare snittvekt. Heile 741 av laksane i Rauma vart gjenutsett. Driva på 2,8 tonn og Eira med Eikesdalsvatnet på 1,9 tonn kom deretter. Dei andre elvane med fangst over 1 tonn laks var Korsbrekkeelva, Strandaelva og Vikelva på Bjørke.

Auren vart sett tilbake i elva

Sjøaurefangsten i fylket kom på 2,8 tonn mot 4,4 tonn i 2020. For første gong vart meir sjøaure gjenutsett (1,7 tonn) enn avliva (1,1 tonn). Freding av sjøaure i fleire elvar er hovudårsaka til dette. Eira med Eikesdalsvatnet hadde størst sjøaurefangst med 593 kilo.

Powered by Labrador CMS