Person holder foredrag ved siden av storskjerm med bilde og tekst i møterom
Øyvind Ulland Eriksen fortel om traumebehandling i Etiopia.

Misjonsprosjektet til kyrkjene i Surnadal

Publisert

Dei fem kyrkjesokna i Surnadal har i mange år hatt ein avtale med Det norske misjonsselskap (NMS) om å støtte bestemte misjonsprosjekt i Etiopia og Midt-Austen. Minst ein gong i året tek kvart sokn opp eit takkoffer til prosjektet «sitt», og på fellesgudstenesta i Stangvik kvar pinsedag går offeret til prosjektet. Tysdagskvelden 13. januar vart soknerådsmedlemmer og alle andre inviterte til ei «inspirasjonssamling» på Kyrkjelydshuset for å få eit inntrykk av kva prosjekta går ut på. Som «inspirator» vart Øyvind Ulland Eriksen frå Misjonsselskapet henta inn. Han innleidde med Haldis Moren Vesaas sitt kjente dikt:

«Det heiter ikkje: eg – no lenger. Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka, så er ho ikkje lenger berre di.
Alt det som bror din kan ta imot av lykka di, må du gi.
Alt du kan løfte av børa til bror din, må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys, ver du eit bål, strål varme ifrå deg!»

Røtene til samkvemmet mellom norsk misjon og Etiopia, det veldige landet med 115 millionar menneske med eit nittitals etnisitetar og språk, går vel 75 år attende i tida. På desse åra har det vakse fram ei luthersk kyrkje med 11,5 millionar menneske: Mekane Yesus-kyrkja. Ho er det største luherske kyrkjesamfunnet i verda, tre gonger så stort som Den norske kyrkja med si tusenårige historie. Ordet misjon tyder «utsending», men i våre dagar handlar dette først og fremst om samhandling. 

– Når vi i Surnadal og i Beirut og i Bangkok og i Beghi i Etiopia bed «Fader vår», innser vi at vi er éin familie, ein søskenflokk med éin far, dette er misjon, sa Øyvind Ulland Eriksen.

I Etiopia går samarbeidet bl.a. ut på utdanning, hjelp til sjølvhjelp, kjønnsjamstilling, tiltak mot kjønnslemlesting, vald og barneekteskap, fremjing av morsmål og folkemusikk hos minoritetsfolk, konfliktløysing med traumebehandling og fredsbygging.

Vi fekk sjå språkmeisteren Kadir stolt og lykkeleg over at morsmålet hans, hozo, har vorte skriftspråk. Den første ordboka kom i år. Slagordet «Når hjartespråk blir hjartesak» har bore frukt. No er det berre å gle seg til kommande barnebøker og annan litteratur, undervisning og bibel og liturgi på hozo og andre oversette og nedvurderte «hjartespråk».

Og gumuz-spelemannen frå grenselandet mot Sudan jubla: «No høyrer folk på gumuz-songar!»

I Midt-Austen støttar vi den arabiske TV-kanalen Sat-7, som sender kristne program på arabisk , tyrkisk og persisk til mange millionar sjåarar i det muslimskdominerte beltet mellom Middelhavet og Indiahavet. Program av mange slag til målgrupper av kristne og muslimar, minoritetar og majoritetar, barn og unge, kvinner, flyktningar, med film, samtale, kultur, undervisning, gudstenester – alt produsert av folk ifrå området. Programma kan nå 90 % av folket i desse landa, og 23 millionar følgjer regelmessig med.

Øyvind Ulland Eriksen viste fram sin eigen filmsnutt frå ein konsert i Nidarosdomen, der ein dugande medarbeidar i Sat-7, songarinna Awaraji Daou frå Beirut song til tonefølgje av den unge fiolinvirtuosen Ton frå slummen i Bangkok, som fekk si utdanning i ein NMS-støtta musikkbarnehage der. Eit sterkt vitnemål som gjev ein lyst til å syngje «Velsigna band som bind Guds folk i saman her!»

Så vart det kveldsmat og utlodding til inntekt for prosjekta for dei frammøtte.

Powered by Labrador CMS