Dagleg leiar i Laget Vårsøg, Anders Larsen

Hyllar frivilligheita i forkant av hemmeleg avslutning på årets Vårsøghelg

Publisert Sist oppdatert

Siste helga på mai går Vårsøghelga av stabelen igjen. For første gong sidan før pandemien kan Laget Vårsøg igjen arrangere ei Vårsøghelg utan restriksjonar. Dagleg leiar Anders Larsen kunne med støtte frå Jostein Ansnes og Lars Polden sr. fornøgd presentere eit imponerande mangfaldig og innhaldsrikt program. 2022 er i tillegg frivilligheitas år, så ekstra oppmerksemd vil bli gjeve til desse. Men krona på det imponerande verket blir hyllinga av ein gammal kjenning…

Larsen opna programsleppet med god, gammaldags sjølvskryt. – Vi skal skryte litt meir av oss sjølv, ikkje minst sidan vi i fjorårets pandemiår vel var ein av få festivalar som klarte å få til ein fullskala festival med alle planlagde arrangement. Planlegging i fjor var heilt håplaust med endringar nærmast frå dag til dag. Men med ein kjempeinnsats frå styret, kommuneoverlegen og bedriftshelsetenesta som var med og hurtigtesta for rundt 50 000 kroner klarte vi oss. Suksessfaktoren kan målast i antal smitta: null.

– Det er frivilligheitas år, og det viktigaste vi har i Vårsøghelga er dei frivillige. Heile festivalen er tufta på frivilligheit, fortel Larsen. Vi har tenkt å markere frivilligheitsåret litt, for det handlar om å vise kor mykje vi sett pris på dei frivillige. Rekrutteringa er òg viktig for å lære opp nye og få dei med i fellesskapet for å lage noko saman for dei andre. Som Lars så fint sa det i ein podkast i fjor: «Gleda av å være med på noko til ei glede for dei andre». No skal vi sette i gang ein liten sjarmoffensiv for å prøve å få med fleire på laget, samtidig som vi set pris på dei som har vore med tidlegare.

Vidare kunne Larsen på sponsorsida presentere eit nytt medlem i Laget Vårsøg. – Ola Ulvund og Hycast AS har sett verdien i det å tenkje regionalt. Han kontakta oss og lura på om vi ville ha eit møte der vi fort fann ut at dette var eit samarbeid vi ønska å gjennomføre.

Det blir også ein næringslivslunsj/-konferanse under Vårsøghelga i år. I samarbeid med Surnadal Næringsforening og Sparebank 1 Nordmøre arrangerer Laget Vårsøg eit arrangement der målet er å gjere Surnadal enda meir attraktiv for heimflytting ved synleggjere kulturlivet og verdien av kultur i Surnadal enda meir. – Eg trur dei i næringslivet kan spele meir på kulturen for å få folk til bygda. Eg har vore på ein del næringslivskonferansar det siste året, og det er frykteleg få som snakkar om verdien av kultur, sa Larsen.

Før Larsen presenterte sjølve programmet, nytta han endå ein gong anledninga til å skryte av dei frivillige som har lagt ned ein kjempeinnsats for å få gjennomført festival under pandemien. – Spesielt har Karin Åsbø og Ingvild Kårvatn gjennom mange år lagt sjela si i arbeidet og gjort ein kjempeinnsats, sa Larsen

Kunstnarisk leiar, Henning Sommerro, var ikkje til stades for å presentere programmet, men Larsen meinte at dei har fått til eit program som speglar alt det Vårsøghelga skal vere. – Det skal vere alt frå puben til kyrkja, frå det folkelege til det meir avant-garden nymoderne, det er dikt, kunst og mat. Ein tverrfagleg festival, slo Larsen fast

Programstart i Vårsøghelga er rettnok torsdag 26. mai, der Alpaca ensemble åpnar festivalen i Kallastuå. Alpaca er ei kammermusikkgruppe med anar frå Surnadal og Kalle Skrøvset sjølv. Samstundes har bergensaren Anne K Hagesæther utstillingsopning.

Næringslivslunsjen blir fyrste arrangement fredag 27. mai. Vidare har Laget Vårsøg fått til eit samarbeid med Institutt for musikk (tidlegare musikkonservatoriet) ved NTNU. Studentar ved komposisjonslinja, der Henning Sommerro og Odd Johan Overøye underviser, har fått i oppgåve å skrive musikk til Vårsøghelga som vil bli framført av studentar ved instituttet. – Dei er midt i skrivinga no, og dei er inspirerte og syns det er kjempeartig å få skrive til ein festival og komme og få framført musikken og spele føre eit publikum. Dit kjem også Henning og Odd Johan som nok vil intervjue studentane sine, fortalte Larsen.

Vidare på fredagen blir det utstilling, både ved proffe kunstnarar, blant anna ved Jon Arne Mogstad. Men det blir og utstilling ved lokale, unge kunstnarar frå Surnadal og Rindal kulturskule. Etter eit intervju i Trollheimsporten, inviterte Larsen også søstrene Synnøve og Kirsten Marie Nordvik. – Dei skal saman med fleire ungdommar andre ha ei parallell utstilling i foajeen under festivalen. Dette er eit ledd i det å gi unge som kanskje går med ein draum inni seg om å kanskje bli nok anna enn alle dei andre ein arena å stille ut tinga sine på, noko eg synes er veldig artig, sa Larsen. – Det blir og ein oppmarsj med Luftforsvarets musikkorps der dei held en mini-konsert nedpå Alti, før vi inviterer frivillige organisasjonar til å marsjere saman med korpset opp til kulturhuset for å markere frivilligheitsåret. Så vil dei halde en ny mini-konsert ved kulturhuset, fortalde Larsen

Avslutning på fredagen blir den etter kvart tradisjonelle konserten på Surnadal billag. Tema for kvelden blir eit gjensyn med eit ti år gammalt prosjekt: «Stemmer frå Surnadal». Det prosjektet var i 2012 ein CD som blei innspela med ulike vokalistar, tekstforfattarar og komponistar frå Surnadal. I anledning 10-årsjubileumet blir CD-en digitalisert og gjort tilgjengeleg på Spotify. Det blir og spela inn nye songar i anledninga, der stemmar surnadalingane har blitt kjend med dei siste par åra vil komme med nye bidrag.

Sjølve konserten vil bestå av to akter, der den første akta er tildelt både eldre og mindre eldre artistar i samband med prosjektet. Etter pausen tar Henning Sommerro over showet, der han saman med Jostein Ansnes og Jo Ranheim frå Øra studio vil framføre nokre av songane han har i katalogen. – Øra studio har alltid hatt ein lokal forankring, fortalde Jostein Ansnes, som saman med Rune Dalager var primus motor for Stemmer frå Surnadal i 2012. Dette prosjektet representerer litt av kjernen i det Øra var frå grunnen av, så dette blir litt «Øra på Øra», noko som har vore arbeidstittel og.

– Unge folk med eit talent får møte meir etablerte komponistar, får jobbe med ein produsent og får reise opp til Øra studio og jobbe saman med Jo Ranheim i ein proff omgivnad er utruleg viktig. Vi skal vere stolte av at vi har såpass mange unge songarar i bygda, sa Ansnes.

Laurdag 28. mai blir det kulturtorg med konsert med kulturskuleelevar og Nordmøre ungdomsstorband. I tillegg blir det Boksøg og Drivadebatt på kulturhustorget. Til Vårsøghelga blir det òg sett opp stortelt som kan ta litt støyt dersom vêret ikkje spelar på lag.

Vidare blir det konsert på Øverlandet igjen, ein arena Henning Sommerro i lys av Lindeman-tradisjonen er glad for at blir brukt på nytt. – Vi sett stor pris på at Peder og Liv Jorun opnar heimen sin igjen, sa Anders Larsen, som medgav at det er litt styr å rigge til konsert i stua til folk.

Klokken 18 på laurdagen blir Kleivakvelden arrangert. Der blir det kjende postar som publikum vil dra kjensel på. Bjørn Tomren og Heine Bugge er hovudattraksjonane på Kleiva i år. – Det som er nytt i år er at Mahsa Vahdat, iransk artist busett i USA, er i Noreg i mai og juni, og då tenkte vi at det måtte være fint å få ho hit. Vi klarte heldigvis å lande ho, så vi trur ho blir eit fint innslag på Kleiva. Det er viktig av fleire grunnar å vise at vi er eit fleirkulturelt samfunn, sa Larsen. Elles kjem koret VOX, Surnadal Hornmusikk, John Pål Inderberg og Henning, og så blir det Kleivapris, diktmønstring og litt sånne ting.

Larsen innrømmer at det har vore ein stadig tilbakevendande debatt om kva ein skal gjere med Kleivakvelden. Spørsmålet om ein skal finne på noko heilt nytt eller om ein skal fortsette slik som den har vore er det ingen som har gode svar på. – Det blir feil uansett, lo Larsen.

Anders Larsen, Lars Polden sr. frå styret i Laget Vårsøg og konferansier, artist og produsent Jostein Ansnes presenterte programmet for Vårsøghelga 2022

– Det er nå ein gong eit så viktig arrangement for mange folk, både for folk i bygda og utanfor bygda, så det er sjølvsagt at vi må fortsette med konsert oppå der. Vi gjer nokre justeringa samanlikna med tidlegare år, men det blir stort sett ein tradisjonell Kleivakveld – med mykje meir folk enn i fjor, smilte Larsen.

Som nemnt blir det festivaltelt, og etter Kleivakvelden er det Larsens klare intensjon om at feststemde folk har ein plass å gå til etter konserten. – Bjørn Tomren kjem i teltet og, så det trur eg blir ein artig kveld. – Det er også Champions League-finale, skaut Ansnes inn. Bayern München mot Manchester City, skal vi tru Anders Larsen, som i følgje Trollheimsportens undersøkingar ikkje er spåmann.

Søndagen blir det kaffe og Pols hos Karin Åsbø på Slettnesset steinovnsbakeri på Nordvik. Der blir det ein føremiddag i folkemusikken, folkedansens og kaffelagets teikn. – Det blir ein mjuk start etter festivalteltlivet, sa Larsen.

Seinare på dagen blir det konsert i Stangvik kyrkje. Dit kjem Oslo strykekvartett og Trond-Viggo Torgersen. Det blir eit heilt unikt konsept som kjem til Stangvik kyrkje skal vi tru Larsen. – Der kan du få alt frå pling-plong til Hjalmar, Tenke Sjæl og heile gullrekka til Trond-Viggo.

– Ein funfact er at både strykekvartetten og Trond-Viggo er kjend frå Barne-TV. Trond-Viggo kjenner vel dei fleste, men Oslo strykekvartett var med på Sangfoni på NRK. Det blir rett og slett to Barne-TV-kjendisar som kjem til Stangvik denne søndagen. I tillegg vil strykekvartetten framføre musikk som Henning Sommerro har komponert.

Årets store finale blir finale med stor F. For ti år sidan var Vårsøghelga i idrettshallen i Surnadal, men i år flyttar dei arrangementet til Storstua i Kulturhuset. Jostein Ansnes saman med Trygve Brøske vil denne kvelden være konferansierar. Anledninga er Henning Sommerros 70-årsdag.

– Det er eit ærefullt oppdrag, som eg tar ekstremt seriøst, sa Ansnes. Det blir ein god porsjon alvor, men også ein god porsjon skjemt. Det er viktig at denne kvelden blir ein god refleksjon av Henning.

Det store spenningsmomentet er at artistlista for avslutningskonserten er hemmeleg, men Ansnes går ikkje av vegen for å byggje opp forventningane. – Eg trur dette kan bli ein høgdare omtrent i Vårsøghelgas historie om vi får til dette på riktig måte.

– Henning skal sitte i salen heile kvelden, og det verste han veit er konsertar han kjeder seg i. Då går han, sa Larsen. Så målet er å lage ein kveld som er så god at Henning sitt i stolen sin heile kvelden. – Og viss ikkje sørgjer eg og Trygve for å lenkje han fast, skaut Ansnes inn.

Avslutningskonserten skal vere eit arrangement for alle, men antal stolar i Storstuå vil nødvendigvis setje sin naturlege begrensning. – Dette blir «once in a lifetime» sa Ansnes. – Her blir det førstemann til mølla, så sjølv om det var fleire diskusjonar og vurderingar landa vi på dette formatet.

Både Ansnes og Larsen understrekar at dette skal vere eit arrangement for alle. – Vi har jobba med å få ned dørstokkmila for slike festivalar, vi håper at alle kan finne eit arrangement dei kan finne glede i, avslutta Larsen samstundes som han nok ein gong understreka at Vårsøghelga blir utan restriksjonar.

Powered by Labrador CMS