Musikantiske ensemble – Ronny Kjøsen, Lars Hølås, Eivind Heier og Jostein Brødreskift.

Musikantisk og lekkert

Publisert Sist oppdatert

Ronny Kjøsen og Trio No Treble har turnert med eit lekkert musikkprogram. Vi opplevde avslutningskonserten – i Åsskard kyrkje.

Det var ei herleg musikkstund. På sin særeigne måte gav dei forsamlinga ein blomsterrik tonebukett i full fargeflora. Strykartrioen med sin runde klang og Ronny med sitt lyse og leikande trekkspel utfylte kvarandre fint.

Svært fascinerande er ensemblepreget dei imellom - her musiserer alle fire med same ånd og tanke, i toneleik på høgt musikalsk nivå.

Ho oss i benkene skapte dei gode kjensler og sette tankar i sving om kva musisering eigentleg er:

Andre (gjerne dyktige) musikarar hentar liksom notane frå papiret, omformar dei til lyd og formidlar det skrivne materialet. Denne kvartetten ser ut til å bruke (eventuelle) notar berre som huskelapp for å skape musikk - innafrå. Dei fortel humor og historier, kjensler og drama - gjennom fingerleik på tastaturet og kjærlege, somtid røffe, strøk over strengane.

Ronny hadde laga mykje av musikken. Han er eit oppkom og ein instrumental virtuos, som formidlar inspirasjon frå alt rundt seg, omsett i melodiar, rytmer og klangar. Han målar stemningsbilete, portretterer personar og gjer dette til musikalske – ofte musikantiske – opplevingar.

Trio No Treble - Lars Hølås, bratsj), Eivind Rossbach Heier (cello) og Jostein Bolås Brødreskift (bass) - er eit særprega ensemble som både reindyrkar den mørke strykarklangen (utan fiolin; «treble») og gir fyldig og drivande fundament til eigne stykke og til samspel med andre – som trekkspelet i dette tilfellet.

Samtidig er trioen eit utfordrande klangapparat i og med at den lyse fiolinen manglar. Det krevst gode arrangement for at ikkje klangen skal bli uklar. Med eit par unntak – som etter mine «gammaldagse» ører virka ein smule «tjukke» – er preget svært lekkert og overbevisande. Eit fint eksempel der linjene og harmoniane med sin naturlege overtonerikdom kjem til sin rett, er Ronny si vakre «hymne» til minne om kulturpersonen Eistein Estenstad frå Hølonda.

Programinnslaga spente vidt og framheva musikantane sine sterke sider – ikkje minst det overdådige SAM-spelet, der alle gir og tar og gjer kvarandre gode.

Ronny og Lars i tett og muntert samspel – typisk for heile kvelden!

Det svinga (bokstaveleg tala) mellom folkemusikk (også ein drivande Røros-pols med einrader), litt balkansk «skeiv» takt, litt halv-klassisk, ein overdådig «Waltzing Mathilda», vakre «Julottan» - og som sagt mykje fint laga av Ronny Kjøsen sjøl.

Og i eit overraskande ekstranummer steig Turid Røen Kroknes fram frå sin publikumsplass og gav oss ei nydeleg framføringa av Grip-tonen «Akk, mon min vei» - i lag med trioen og Ronny.

Stor takk til alle fem!

Dei fem utøvarane etter konserten.
Powered by Labrador CMS