Kunst på Skråplanet
På Torgdagen under Kulturvøkku 2021 i Rindal vil det bli kunstauksjon på Skråplanet, amfiet mellom El-Co, 3 venner og Øvre Dalen i Rindal sentrum.
30 år
Rindal Kunstlag feirer i år 30-årsjubileum. Dette ønsker styret å markere ved å arrangere ein skikkeleg kunstauksjon der kunstinteresserte rindalingar og andre kan sikre seg eit av dei mange kunstverka laget har samla sidan starten i 1991.
Gjennom desse 30 åra har Rindal Kunstlag hatt fleire enn ei utstilling kvart år. Det har vore kjøpt inn kunst til laget i heile perioden, så her blir det litt av kvart å velge i.
Kunsten som laget eig, ligg ikkje berre på lager. Mange verk heng på veggene i forskjellige kommunale bygg, som Rindal skole, helsesenteret og frivilligsentralen. Ikkje alle er like begeistra for at dei må gje frå seg bilda, men kjenner vi kunstlaget rett, så vil dei få gode erstatningsbilde. Kunstlaget har ikkje tenkt å selge alle bilda sine, og dei vil nok halde fram med å kjøpe kunst.
Styret i Rindal Kunstlag har plukka ut om lag 16 kunstverk som skal auksjonerast ut på Torgdagen lørdag 3. juli med kulturkonsulent Morten Møller som auksjonarius.
Utstilling
Kunstlaget vil månaden før auksjonen stille ut bilda i vindua på El-Co og Øvre Dalen slik at du kan bruke tid på å studere dei. Det vil også bli laga ein auksjonskatalog, og du vil få sjå bilda på Rindal Kunstlag si Facebookside. Ryktene seier at somme alt har sett seg ut verk som dei skal by godt på!
I år vil Rindal Kunstlag ha utstilling med Synøve Daaland med tilknyting til Grindal og Melhus under Kulturvøkku 2021, og på Dalalåven vil det bli sommarutstilling ved Gazelle Pezeshkmehr frå Romerike. Det blir truleg også ei utstilling av produkta til Ingun Dahlin i kirka under Kulturvøkku 2021
Nedafor ser du nokre av bilda som du kan vere med på å gje bud på under kunstauksjonen på Torgdagen under Kulturvøkku 2021.