SURNADAL KOMMUNE MELDER:

Surnadal kommunevåpen

Lettelsar i besøksrutiner ved sjukeheimen

Sjukeheimen har no fullvaksinert langtidsbebuarane. Dette gjev ein milepél med omsyn til besøksrutiner, og vi er glade for å kunne lette på restriksjonane.

Det melder Surnadal sjukeheim på Facebook-sida si.

Det er betydeleg mindre risiko for Covid 19 etter vaksinasjon. Covid 19 kan likevel ikkje hindrast i alle høve, då vaksinen ikkje alltid gjev full beskyttelse.

Besøksrutiner frå 18. februar

  • Besøk bør avtalast på førehand.
  • Besøksprotokoll blir ført, i fall smittesporing.
  • Utfør handhygiene når du kjem og underveis.
  • Nærkontakt mellom vaksinerte bebuarar og deira næraste, samt med andre vaksinerte, er greit. Bebuarane avgjer sjølv kven som er sine næraste.
  • Hald 1 m avstand til andre enn den du besøker.
  • Besøk kan foregå i fellesareal for vaksinerte bebuarar så framt 1 m avstand til andre kan overhaldast. Foajeen og kafeen anbefales å bruke.
  • Kaffemaskin finn du i kafeen. Handdesinfeksjon finn du i nærleiken. Besøkande kan ikkje nytta kjøkkena på sjukeheimen.
  • Felles berøringspunkt i fellesareal blir reingjort/ desinfisert fleire gong om dagen.
  • Blomster og gåver er ok.
  • Ikkje kom dersom du er eller kan vere smitta av Covid19.
  • Har du luftvegssymtom eller er i karantene bør besøket utsetjast. Ved unntak skal munnbind brukast og besøket foregå på rommet til bebuaren.
  • Kjem du frå område med høgt smittetrykk; følg råda for området med høgast smitterisiko.
  • Bebuaren kan bli med på besøk utanfor sjukeheimen. Vurdér smitterisiko saman med personalet. Hugs handhygiene umiddelbart ved retur til sjukeheimen.
  • Dersom bebuar får påvist Covid 19 eller er i karantene, blir vedkomande isolert, og besøk tilrås utsatt. Dersom besøk blir vurdert nødvendig skal smittevernutstyr brukast.
  • Eigne vurderingar for besøk ved livets sluttfase.
  • Tenester/ aktiviteter og besøk av eksterne aktørar: Smitterisiko blir vegd opp mot grad av behov og nytte av tenesten/ aktiviteten. For frisør, fotterapeut o.l gjeld råda for ein-til-éin-kontakt, og bruk av munnbind.

For eventuelle pasientar/ bebuarar som ikkje er vaksinerte bør det utøvast større varsemd.

Ved auka forekomst og smitteutbrot av Covid 19 blir forsterka tiltak vurdert.

Velkomen på besøk og til EIN GOD KLEM!

Powered by Labrador CMS