Vårsøghelga 2023

Musiker syng og spelar gitar på scena.
Gøran Bolme trollbandt publikum.

Ingrid Olava, Brørs og Bolme eigde scena frå start til slutt

Publisert

Det viste seg å bli ein følelseslada kulturkveld då Sigurd Brørs, Gøran Bolme og Ingrid Olava hadde konsert på Surnadal Billag fredag. Dei gav til saman uttrykk i tårer og framkalla gapskratting av sjølvironiske og lokale ablegøyer då det blei servert alt frå karakteristisk humor til rørande nattasong i full innleving. Med sin lune, humoristiske og særegne opptreden, og kledd i Felleskjøpet-caps med matchande gul T-skjorte og grøn bukse med kassagitaren klar, fanga Brørs publikum og satte standaren frå første sekund.

Stormande jubel

Dagleg leiar i Vårsøghelga, Anders Larsen opna konserten på Surnadal Billag fredag kveld klokka åtte. Det var ei ære for han å presantere Sigurd Brørs som var førstemann til å opptre. Som Larsen beretta, kan ein bli "litt starstrucked" - som beskjedne surnadalinger gjerne seier når dei tek i - av Brørs si langrennskarriere.

Men no var det ikkje sport som stod i fokus. Eks-surnadalingen tok publikum allereie før han fekk sagt eit ord. Hans særegne opptreden fanga alles interesse frå første stund i det oppfylte lokalet. Ein høyrde at latteren var både laus og sterk mellom plystring og høg klapping.

To musikere på scena.
Sigurd Brørs og John Pål Inderberg imponerer med ein engelsk verson av E slåttatæja.

I avslutningsnummeret sitt hadde den kreative mannen tatt ein heilt ny vri. Han tok - ikkje overraskande - "E slåttatæja" for anledningen. Sommerro sin melodi var velkjent, men Brørs hadde kome på å oversatt den gamle, kav surnadalske teksta til Hyldbakk til engelsk. John Pål Inderberg var med på barytonsaksofon, og ei heilt magisk stemning fylte rommet i den gamle brannstasjonen kor publikum satt heilt stille og fulgte lyttande med.

Holdt standaren oppe

Den lune humoren og måten Brørs opptrer på både under song og mellom låtene, fekk opp stemninga blant publikum, så Gøran Bolme blei satt på prøve med å halde trykket oppe.

Sjølv meinte øverbygdningen at arrangørane hadde bomma i å ha ei skrå, stigande linje gjennom kvelden, og at det heller ville likne eit kvadratrotteikn. Men anten kan ikkje Bolme matematikk, eller så har han ei utruleg dårleg sjølvinnsikt.

Han óg - på sin karakteristiske måte - fanga publikums merksemnd under heile opptredenen, kor publikum fulgje konstant spent med for å få med alle dei gode poenga som kom på løpande band - også her - både i og mellom songane.

Dei frammøtte prøva å vere stille under songane for å få med seg dei fangande tekstene. Men det var umogleg at det ikkje "spratt opp" rett som det var.

Publikum fekk innsikt i blant anna korleis musikaren og moromannen "tok verdsrekord på lemenslag med bedehusgitar" i 2003, og - ikkje minst - den eine og åleine årsaken til stemnemøte i Øvre Surnadal; nemleg å berge grendaskulen.

Særs god formidlar

Til slutt presanterte Larsen ein av sine favorittartistar, Ingrid Olava. Ho imponerte surnadalingane med ein gong då ho fortalte at ho som pianospelar i elleveårsalderen skreiv konfirmasjonssong til bror sin med melodien til Vårsøg.

Ho framførte songane med sterk innleving. Den musikalske småbarnamora framtrådte ekte og ærlig, og formidla tekstane på ein særs truverdig måte.

Musiker sit og spelar piano og syng.
Ingrid Olava lever seg godt inn i songane og formidlar dei heilt eksemplarisk.

Artisten veksla på å opptre åleine og saman med Jo Berger Myhre på bass og Erland Dahlen på trommer.

Ho song både på norsk og engelsk. "Back to Love" var ein av dei første songane ho skreiv.

Medan Ingrid Olava og musikarane gjekk av scena, fekk dei jublande, velfortent applaus. Artisten entra scena att åleine, set seg ned og spela heilt nydeleg på pianoet og song gripande Alf Prøysen sin "Teddybjørnens vise" som ho syng for borna sine når dei legg seg. Det var tydeleg at det er ein song som ligg ho nær.

Ein rørt musikar var takksam for å få spela for det storslagne publikummet. Som Ingrid Olava sjølv sa:

-Dette har vore ei fantastisk oppleving.

Fullt av publikum sit og blir underholdt av tre musikere på scena.
Ingrid Olava, Jo Berger Myhre og Erland Dahlen bergtek publikummet i det stemningsfulle lokalet.

Kvalitetsrik heilaften

Musikarar, foredragshaldar, dei som sørga for ekseplarisk ljos og lyd, val av lokale, frivillege - kort sagt alle som bidrog til arrangementa - har gjort at det blei ein heilt eineståande heilaften i den stemningsfulle bygninga på Surnadalsøra fredag kveld.

Det resulterte til eit strålande bra publikum som appelerte til det dei fekk servert av dei - alle på kvar sin måte - formidable aktørane.

Arrangementet som blei holdt rett før denne konserten på same plass, kan du lese meir om her:

https://www.trollheimsporten.no/konsert-musikk-surnadal-billag/musikalsk-univers-ved-surnadal-billag/238117?fbclid=IwAR3F32FMHbJ44izoiqvMUk_joEpsKOJy7neZT8uNZdTTQAOp5vkJ9QcIQ-M

Entusiastisk publikum

Etter konserten prata Trollheimsporten med nokre av dei som sat i salen som publikum.

Aase Vedul-Moen fortel at ho flytta frå Surnadal for åtte år sidan, og at dei besøkjer Surnadal no på grunn av Vårsøghelga.

-Det er kjempeartig å kome i Vårsøghelga, for då treff ein ein del kjentfolk, smiler ho.

Ho var på begge arrangementa på billaget fredag kveld.

-Det er verkeleg stort alt. At Surnadal får til det her er kjempegreier.

-Det var ein særs bra konsert, legg Marina K. Fiske til.

Magne Vedul-Moen ler:

-Eg flira mest av Gøran Bolme.

Dei var óg særs nøgd med Sigurd Brørs sin opptreden.

- Det var mykje attkjennbart.

Tor Kvande presiserer at han er imponert over dei lokale aktørane og at han lo frå hjartet og opp, og meiner Sigurd Brørs er like eins som Gøran Bolme.

-Han er kjempedyktig. Eg liker enkel humor og det var ein ærleg måte å framføre på.

Fire smilande og fornøgde publikum.
Eit fornøgd publikum. Frå venstre Magne Vedul-Moen, Aase Vedul-Moen, Marina K. Fiske og Inger Johanne Vasskog.

Marina poengterer noko Ingrid Olava fortalte og tok opp att i ein av songane, det om at enn om siste gong borna spring ut og leiker, VEIT borna at det er siste gong dei spring ut og leiker.

Kvelden har fått fram både gapskratt og gode minner.

Streken er satt

Så då er den berømmelege streken satt - den gjekk verken på skrå oppover eller som ei kvadratrot; den var jamn og skyhøg gjennom heile konserten.

Trollheimsportens utsendte må seie seg heilt einig med ein stornøgd Tor Kvande:

-Dette var heilt prima, heilt fenomenalt!

Powered by Labrador CMS