Bodil Børset foran forsamlinga på skimuseet
Bodil Børset framfor fullsett kafe på Rindal Skimuseum.

Tøffe damer på ski

Det var fullt i kafeen på Rindal skimuseum under Indre Nordmøre Senioruniversitets samling denne onsdagen. Damene var i fleirtal. Ikkje så rart, sidan temaet til avdelingsledar ved skimuseet, Bodil Børset, var «Tøffe damer på ski.»

Publisert Sist oppdatert

Under arbeidet med foredraget fann ho fort ut at skihistoria er fortalt av menn om menn, så dette vart grunnforsking.

Dessverre kunne ho vise til dette også på fotoveggen i kafeen. Berre Berit Aunli var avbilda der blant medaljevinnarar på Landsem-ski. Det til tross for at Terje By i boka om Landsem skifabrikk skriv at det vart teke 64 medaljar av norske damer på Landsem-ski i senior-NM for damer i perioden 1967-1988, og 11 medaljar i VM og OL i perioden 1952-1989.

Bilde av Mosse Piene på skjermen

Den første gullmedaljen på Landsem-ski av ei trøndersk kvinneleg skiløpar vart vunne av Mosse Piene på 10 km i senior-NM i Molde i 1962. Ho var også den første kvinna som gjennomførte Birkebeinarrennet. I 1961 gjennomførte ho løpet i lag med tre andre damer, men utan startnummer eller eigen klasse. Tidlegare hadde fleire damer gått Birken i smug dagen før løpet. Dette var rekna for for hardt løp for kvinner ifølge arrangørane.

– Hvor var du da Berit Aunli brakk staven?

Alle hugsar dette spørsmålet i samband med at Oddvar Brå brakk staven i VM-stafetten 1982, men ikkje at Berit Aunli gjorde det same i VM-stafetten i Seefeld i 1985. Det gav laget sølv i staden for gull. Det er media som har sørga for at Brå sitt stavbrekk har festa seg slik i skihistoria.

Skihistorikaren Thor Gotaas skriv om steinaldermennesket og om samane som gjekk på ski, og viser til både helleristingar og skriftlege kjelder. Sagaen fortel om både den mannlege skiguden Ull og den kvinnelege Skade. Men når vi kjem til skisport så forsvinn damene. Dei dukkar ikkje opp før i slutten 1800-talet.

Skisport var ukvinneleg. Skisport var for testostoronfylte menn som trena i tømmerskogen og lukta sveitte.

Først på 1950-talet fekk vi langrennskonkurransar for damer. I eit pressebilde frå Oslo-OL 1952 av kvinnelege skiløparar er ikkje namna på deltakarane nemnt.

 Var det ikkje damer i skiløypene før 1950-talet? Så begynte Bodil å leite i ulike kjelder.

Damer i skjørt på ski.
Rindalsdamer tidsriktig kledde på skitur i Øvre Øyen rett over elva for kapellet etter 1911. Hoppbakken like ved var nok for stor.

Damene har vore med. Alt på 1800-talet gjekk damer i Oslo på ski. Det kunne ho finne flotte bilde av, avfotografert i fotostudio med teikna bakgrunn. Vanlege jenter på landet leika i lag med gutane på ski.

Vi fekk høre om tøffe Maren Damli frå Meldal, som stilte opp i hopprenn i 1899. Vi fekk sjå bilde av Gurå Rindøyen, født 1880 i Rindal, på tur til naboen på ski, og av Anna Jerumma Nilsson i lag med med mannen Ole Kant framfor huset i Resdalen med skia som dei brukte til reingjeting i Trollheimen i bakgrunnen.

Kunsten å mestre skia var viktig for både damer og karer, bufaste og samar. Det var ofte livsnødvendig å meistre skia som transportmiddel.

Tøffast var kanskje jordmora som måtte fram uansett tid og føre i livsviktige ærend. Bodil viste oss bilde av samiske jordmorski.

Historisk finn vi ski både i hulemaleri og helleristingar, så som reiskap og framkomstmiddel har dei tusenårig historie. Dei er bruka av menneske, ikkje festa til same eller bufast, mann eller kvinne.

Igjen fekk vi høre om gudinna Skade som gjekk i fjellet på jakt på ski. Først var ho gift med sjøguden Njord, seinare med Odin. Dette er omtala i gammal norrøn dikting som i den eldre og yngre Edda.

Verdens første dame-skiklubb i Trøndelag i 1889

Ein av dei eldste dameskiklubbar vart etablert i Trøndelag, på Steinkjer i 1889 for å fremme skiidrett blant kvinner. Dei kalla seg dameskiklubben Skade etter gudinna Skaði/Skade.

Snart vart det fleire kvinnelege skiklubbar, og skikonkurransar spreidde seg over hele landet. Norges rolle som skisportens fødestad festa seg.

Fullt hus på skimuseet
Folk på alle stolane i kafeen på Rindal Skimuseum.

Tøffe damer streva seg fram i sid stakk i løypa. Ofte rulla dei opp stakken, men sleppte den ned når dei møtte mannfolk. Etter kvart fekk dei delta i renn også, men resultata deira kom ikkje alltid med i referat og resultatlister i avisa.

Skihistoria er skriven av karar. Ein viktig grunn til det er betydninga ski hadde for forsvaret. Det vart tidleg skipa skiløparkompani, og trening for dei vart viktig.

Dei første konkurranseformene på ski for damer var i hopp. Ser du for deg desse damene i svevet i skjørt? Det var sikkert ikkje lange svev, men det var det ikkje for karane heller. Så fekk dei konkurrere i unnabakkar, eit slags utfor. Langrenn var siste øvinga dei fekk delta i. Det var for hardt. Karane lika ikkje sveitte og snørrete damer!

Bodil Børset er nok ikkje ferdig med temaet «Damer på ski.» Ho kjem nok til å grave etter meir stoff om det, og ho gav forsamlinga i lekse å hjelpe ho med meir stoff om dette temaet.

Vi kan nok få sjå meir om dette på Rindal Skimuseum i framtida.

Kaffeprat
Etter foredraget gjekk praten intens rundt borda med kaffe og bakels.
Powered by Labrador CMS