Fakkelen ved Malmö Opera er alltid tent når det forestilling inne. Brittens påkosta «En midtsommarnattsdröm» skulle markere husets 75-årsjubileet i 2019-2020, men på grunn av koronaen kom framføringane først hausten 2021.

Reisetankar ved Øresund

Eg er ingen sydenfarar og reiser sjeldan langt. Men med yngste dotter vår på spennande jobb i Malmö vart det nyleg ein tur dit. Og der ved Øresund kan ein knyte mange linkar heim til Bøfjorden og Nordmøre.

Publisert Sist oppdatert

På kvar si side av sundet, og i kvar sitt land, ligg Kongens by København og kulturbyen Malmö. Trafikken langs Skagerak, Kattegat og Øresund og vidare til Østersjøen og Europa er livleg «til lands og til vanns» no som i all fortid. Ikkje minst er luftfarten anno 2021 enorm. Og det nye brusambandet over Øresund knyter området saman med berre ei kvarters togreise.

Kongeferder og krig

Her renn oss mykje i minnet – frå skulebøker, songskatt og kulturliv. Her vandra «Gåsa og katten og hanen» i visa hans Jakob Sande. Til København laut alle som skulle studere i gammel tid. Her låg slotta og herlegdomane i dei gamle eventyra. Herifrå drog kong Christian V til Trondheim og gjennom Surnadalen i 1685 – da han overnatta i Utistua på Røv. Sønnen Fredrik IV reiste motsett veg – om Surnadalsøra og Rindalen nokre år seinare. Og i 1755 sendte han sagbruksløyve til dei på Skrøvset!

Kong Christian V gjesta Surnadalen og overnatta på Røv i juni 1685.

Vond krigshistorie knyter seg også til området. Unge menn frå Halsa, Stangvik og Surnadal laut lide for danskekongen under ufreden i 1760-åra. Fleire ti-tals nordmøringar vart offer – om enn meir for svolt og sjukdom enn for krigshandlingar. Lars Sættem, Tore Dragset, Jo Bøe (Kristengarden), Steinar Bele og Gullik Bæverfjord var blant de ifrå Åsskard som fekk si simple grav her ved Øresund den gongen.

Edvard Hoem skriv i boka «Felemakaren» om sin gamle slektning Lars Hoem, som var soldat under slaget på Københavns red i 1801. Skildringa av slagscenene her og av Lars sitt dramatiske og fascinerande liv seinare – som krigsfange, felemakar og familiefar gjer boka verd å lesa. Heimen og felemakeriet var i Smedvika i Kristiansund. Og Gunnhild, kona hans, var frå Husby i Todalen!

«Blikken», «Boy» og Terje Vigen

Der skylaget opnar gliper langs grensa mellom Norge og södra Sverige, ligg attraksjonane som perlekjeder under SAS-vengene. Assosiasjonane heimover likeså.

Ser eg eit stort hundreår attover, så baskar ein liten båt seg nordover Skagerrak: Vesle «Blikken» klinkbygd av eikebord attmed Europas tredje største innsjø Vänern og dregen på vinterføre, snø og is, langs Götavassdraget ned til kysten. Svensken som åleine førte den vesle farkosten rundt kysten opp til Nordmøre, hadde sanneleg sjømannskap i blodet! Fleire nordmøringar åtte «Blikken» i tur og orden, blant dei brørne Nils og Johannes Bæverfjord (Øran), før Nikolai Glasø starta frakting av kassar og sand for 90 år sia.

Og familie-skuta vår, «Boy» – eit rundstemnt, typisk skagerrak-skrog, var bygd nettopp på desse traktene. Før bestefar kjøpte ho til Bøfjorden for sandfrakting i 1946, gjorde ho krigsteneste med ammunisjonssmugling frå Sverige til Max Manus og hans folk i Fredrikstad-området.

Om Terje Vigen - og Petter Dass?

Ser vi over flyvengen, mot spissen av Skagen langt i vest, er det Terje Vigen som renn oss i tankane. Han rodde «for barn og viv» over Skagerrak etter matkorn og var mesta var heimkomen og «nær ved en bønn til Gud» da fienden søkkte robåten og sette Terje i «prisonen». Kona og barnet heime svalt i hel. Lærar Sættem på Bøfjorden skule formidla Henrik Ibsens gripande dikt slik at det aldri slepper taket i oss som fekk del i det.

Terje Vigen hadde nok andre vilkår for sin Skagens-fart i nødsåra på 1800-talet.

Diktet om «Terje Vigen» bygde på sann historie. Mindre påliteleg er nok segna om at Petter Dass reid på ryggen til Djevelen over bølgene her – for å koma tidsnok til julepreika i Københavns Domkirke! (Da innvender du kanskje og at Herr Petter ikkje hadde noko med Nordmøre å gjera? Å jau da: Hans tante Birgithe var frå Stangvika. Og Petter sjøl åtte part i ein gard ute i Straumsneset! Så linken er der – om segna er usann …)

Segna om Petter Dass og «Djevlerittet» er oppspinn, men fascinerande.

«Født til at bære diademer»

Så landar vi på Kastrup – i mylderet av reisande frå alle verdens kantar. Det blir ikkje tid til mykje sightseeing i Kongens by. Skulle gjerne ha opplevd konsertar og kultur – for eksempel på det Kongelige Theater. Men i staden kjem heimbygds minne fram i full glans!

Og i denne glansen glitrar Hjørdis Lauenborg. Både ho og tanta Astri Kalset Szterenyi – begge med aner frå Sjølgjetla i Bøfjorden, Todalsøra og Kristiansund – var europeiske operastjerner.

Her i Møntergade 22 i København budde på 1950-talet vår nordmørske operastjerne Hjørdis Lauenborg. Innfelt i rollefoto som Elsa i Wagners «Lohengrin».

Det er 70 år sia Hjørdis Lauenborg (1924-1988) la publikum og kritikarar for sine føter. Tilsett på Det Kongelige Theater spela ho dei store rollene – eksempelvis Dronning Elisabeth i «Don Carlos», Floria i «Tosca» (begge av Verdi) og Elsa i Wagners «Lohengrin». Sistnemnte tolka ho ifølgje Berlingske Tidende «så vakkert som det sjelden opleves på vår scene».

Jau – Hjørdis Lauenborg var «født til at bære diademer» og tok vel vare på songkunsten etter tippoldemor Gjertrud i Sjølgjetla! At så få kjenner namnet hennar i dag, er rett og slett ubegripeleg. Men det ryktast at 100-årsminnet skal markerast om tre år …

Kort togreise over den nye Øresundbrua gjer København og Malmö til naboar. Her er mamma Randi og operasolist Sigrid klare til påstigning.

Øresund

I år 2000 opna brusambandet over Øresund og knytte København og Malmö saman som naboar.

Togturen via 3 km botntunnel, ei kunstig øy (Peberholm) og 8 km bru er i seg sjøl ei oppleving – attåt dei kulturinntrykka ein nordmøring kan knyte til dette smale sundstrekket frå Kattegat til Østersjøen.

Der overfarten er kortast, ligg Helsingborg og Helsingør på kva si side. Og her er det som eg hører tonar av Dietrich Buxtehude bruse over vatnet. Her vaks han opp, og her hadde han som ung organist stillingar i Maria-kyrkjer på begge sider av sundet – før han endte opp, som Bachs ideal, i Lübeck – også der i Marienkirche.

Buxtehude kling godt også heime i Åsskard-kyrkja, både i dei mindre orgelverka eg har pusla med, og i kormusikken. Kanskje koret i år skal ta fram att hans festlege kantate over «Jeg synger julekvad»?

Komponisten Buxtehude og kapellan-biskop Eyler Hagerup kryssa Øresund på ymse oppdrag. Hagerup-portrettet var måla av Rasmus Teilgaard frå Stangvik.

Tragisk er derimot minnet om dei to studentbrørne Amund og Richard Hagerup, som i 1740 omkom her ved Helsingør på tur til Universitetet i København.

Dei var sønner av biskopen Eyler Hagerup. Han var tidlegare kapellan i Kvernes og knytte Nordmøre sterkt til København. Som medlem av prestegruppa «Syvstjernen» drog han hit og inspirerte kong Fredrik IV og embetsverket til å innføre lova om «Almueskolen». Og så veltalande var han at han utan å søkje stillinga vart utnemnt til dansk prest! Men tapet av dei to sønnene skapte nok såre minne om farten over Øresund.

DS «Bøfjord» frå Mikkelgarden

På toget over brua til Malmö går også tankane til DS «Bøfjord». Fiskebåten var bygd ved Mikkelgardsnaustet i 1914 – med enkel handreiskap, men høgt utvikla ingeniørkunst, av Anders og Esten Kvande og deira folk.

DS «Bøfjord». Mannskapet (rundt 1924) er frå venstre skipper Broder Sæther (Kringlå), maskinist Ludvig Larsen, styrmann Ole Storsæter, matros Arker Enoksen, fyrbøtar Magnar Enoksen, stuert Gunnar Settem (Lyngmo; Elvetun) og matros Leif Sæther (Kringlå).

For Bøfjords Rederi og fiskeanlegget på Skrøvsetskjeret gjekk ho med sild og sjømat til områda rundt Nordsjøen – ikkje minst til Østersjølanda. Nostalgisk ser eg for meg det slanke, elegante skroget med den høge skorsteinen dampe inn frå Kattegat, gjennom Øresund og forsvinne ut i Østersjøen.

På heimtur etter slikt ærend til Polen i 1924 berga «Bøfjord» mannskapet på eit tysk fiskefarty som forliste der. Belønninga for dåden var ein flott kikkert med inngravert helsing frå sjølvaste rikspresident Paul von Hindenburg! (At premien seinare vart stolen av ein kjeltring i Kristiansund, er det vel lite å gjera med. Viss da ikkje ein lesar finn namnet «Hindenburg» på ein eigarlaus kikkert …)

«En midtsommarnattsdröm»

Vi stig av Øresundtoget på svenskesida og har da berre gangavstand til Malmö Opera - Nordens største i sitt slag. Her er dotter Sigrid engasjert som Helena i Benjamin Brittens opera «En midtsommarnattsdröm» denne hausten.

Innafor Sceningången viser ho oss rommet sitt - m.a. med originalkostymene frå Glyndebourne-operaens berømte versjon regissert av Peter Hall i 1981. Sjøl er ho roleg og gler seg til neste dags framføring. Men hos mor og far bankar det allereie spent i bringa.

Artig å lytte til operasendinga på Sveriges Radio.

Om kvelden sit vi hos henne og hører Sveriges Radio P2 sende opptak frå operapremieren veka før. Sigrid dukkar ned i notane og følgjer både dei andre og si eiga rolle frå radioen. Rart for Bøfjord-dråkja at heile musikk-Sverige hører henne i eteren.

Sigrid klar til jobb. Kostymene er dei originale frå Glyndebourne-oppsettinga i 1981.

Med heile seg som instrument

Søndag ettermiddag går den tredje av i alt 12 framføringar i operahuset. Den enorme salen, med plass til 1500 og med eit sceneareal på 0,6 mæling, dirrar av forventning når orkesteret med drømmeklangar opnar for eventyrspelet over Shakespeares teatertekst frå 1500-talet.

Norden største operahus rommar inntil 1500.

Handlinga er flokete - med alvar, fyrstar, kjærestpar og magigaren Puck i stadige forviklingar. Musikken frå 1960 er ikkje av det billeg-populære slaget, men gir farge og særpreg til kvar rolle og kvar bevegelse. Ja, endatil skogen og buskane rører seg - dei består nemleg av levande artistar!

Foreldra frå Bøfjorden er vel aller mest vakne når Sigrid som «Helena» utfaldar seg – syngande, dansande, liggande, løpande. Alltid med «heile seg», og ikkje berre stemmen, som instrument.

Og ingen, verken gutane i alvekoret eller dei vaksne, brukar mikrofon. Her er stemmene utvikla til å bera gjennom heile det enorme rommet. (I seg sjøl ei påminning om kva som går tapt i popkulturen der ingen skaper lyd utan å kvese gjennom ein overforsterka mikrofon.)

Til venstre: Kjærestparet «Helena» (Sigrid Bøe) og «Demetrius» (Christopher Ainslie). Til høgre: Sluttapplaus – her for Sigrid.

Når applausen brakar laus etter den store forestillinga, er det å klype seg i armen for å vite kvar ein er. Men den opplevinga er det uansett umuleg å dele med deg som les dette stykket …

Saman med mamma Randi etter vel gjennomført rolle.

Etterklang

Før heimreisa dagen etter stikk vi innom St. Johanneskyrkan mellom operaen og togstasjonen. Bygd i jugendstil (1907) og minner om den langt mindre Nordlandet kyrkje i Kristiansund. Ein bygdeorganist som meg klør i fingar og føter ved synet av dei tre orgla – eit spilder nytt (2008) Åkerman & Lund på 59 register, eit restaurert Eriksson-orgel og eit yndig positiv framme ved kortrappa.

Glimt frå St. Johanneskyrkan i Malmö.

Så er det Øresundtoget tilbake til Kastrup, farvel med Sigrid – og heimreise via Værnes. Men når København, Malmö og Kattegat forsvinn under oss, hører vi etterklang av gamle minne: Slaget verd Svolder. Hansa-veldets trafikk her. Naborika med Kalmarunionen. Einevaldstida. Tordenskjold og skipa hans – som det heng modellar av i kyrkjene heime. Brorson og Grundtvig, kyrkjesong og julesalmar. Idrætsparken og Fotbolden. Ja – endatil skeiserennaren med det beskjedne namnet Kurt Stille! Passasjerskipet «Oscar II», som vart den bøfjordske frakteskuta «Havås» med vår nabo Karl Sæther som eigar. Og kva for ein jyde var det som gjorde strandhogg og er oppattkalla i Jutvika på Flessastranda?

Du ser: Tilknytingspunkta mellom barndom i Bøfjorden og ein operatur til Malmö er mange. Verda er ikkje større enn vi gjer ho!

Ei ære å få vera del av denne operaoppsettinga, og eit minne for livet, synest Sigrid.
Powered by Labrador CMS