Pressemelding frå Stikk UT!:

Turgruppe på tur i Kristiansund

Nye rekordtal for Stikk UT!

Nesten 50 000 deltakarar har registrert bortimot 1,2 millionar Stikk UT!-turar i Møre og Romsdal dei siste seks månadane. Aldri har turtrimmen vore meir populær.

I sommarsesongen 2021 har omlag 18 prosent av befolkninga i fylket deltatt på Stikk UT!. Dei har gått turar i fjell og fjøre, i innland og ved kysten, det har vore bratte og flate, korte og lange turar: I kvar by og nesten kvar ei grend i medlemskommunane til friluftsråda er det Stikk UT!-turar – takka vere hundrevis av frivillige som foreslår turmål, skriv turforklaringar, ryddar stiar og får skilt og kodar på plass til rett tid.

Her ser du en oversikt over de mest besøkte turene i Surnadal så langt i år.





Ringvirkningar

Turtrimmen har blitt det viktigaste folkehelsetiltaket i regionen. Vi får stadig tilbakemeldingar frå deltakarane om at Stikk UT! gir god effekt på helsa deira fordi dei kan bruke Stikk UT! på sin eigen måte. -Det kjekkaste med Stikk UT! er å oppleve alle dei fine turane vi ikkje visste om fantes!, er ei anna tilbakemeldinga friluftsråda ofte får. Mange sier også at -godt skilta og tilrettelagte turar gjer det lett og trygt å finne fram, og som igjen legg grunnlag for mange gode naturopplevingar.

Alt dette er råd å få til takka vere samarbeidet mellom dei frivillige, kontaktpersonen i kvar kommune, og friluftsråda. Denne sesongen var det også rekord i talet på turar å velje mellom, heile 469, der nesten 150 var nye av året. Men også for nærings- og reiseliv betyr det mykje at mange reiser rundt og går turar nye stader. Det gir inntekter både til butikkar, bomvegar, serverings- og overnattingsstader rundt om i fylket. Og vi ser ei trend der fleire ferierar i eige fylke, og det er ønske om fine naturopplevingar som er grunnen.

Meir slitasje

Utskifting av turar frå sesong til sesong er nødvendig av fleire grunnar: På våte naturstiar kan slitasjen bli så stor at den treng kvile nokre år. Mange stader er der også så mange turmål at det ikkje er plass til alle på ein gong. Då er det fint å byte på og kunne tilby nye opplevingar til turgåarane.

Med mange ute på tur, skjer det også oftare at ville dyr og fuglar, og dyr på beite, blir uroa av folk og hundar. Dette er tilbakemeldingar vi tek med oss i det vidare arbeidet med Stikk UT!. Stikk UT!-vett reglane og sporlaus ferdsel er viktig. Vi oppmodar alle turgåarane om å vise respekt og ta omsyn til naturen og alt og alle som høyrer til der. Det har hendt at grunneigarar seier nei til å vidareføre ein tur fordi belastninga vart for stor.

Ny app

Takka vere sponsormidlar frå Sparebanken Møre, kunne den nye Stikk UT!-appen takast i bruk frå sesongstart 1. mai. Den har vist seg å fungere svært godt, det tok berre nokre dagar før over 85% av registreringane kom via den. Tilbakemeldingane frå brukarane er at kartfunksjonen blir mykje brukt undervegs for å finne fram, og at det er kjekt at koden kjem opp automatiske ved turmålet.

Krus og skåler

Det er også populært å sikre seg eit handfast minne frå tursesongen. Derfor får friluftsråda kvart år produsert eit avgrensa tal krus og skåler for sal, med årstal og spesialdesigna motiv for kvar sesong. Desse må førehandsbestillast av kjøparane, så blir dei produserte etter talet på bestillingar – pluss litt ekstra. Kunstnaren siste åra har vore Signe Louise Aasen, som også har designa årets krus og skål. Neste år blir det ein ny kunstnar som får oppdraget.

Årets krus og skåler er i produksjon og blir leverte ut til kommunane så snart vi får dei, truleg tidleg i november. Krus, skåler og T-skjorter kan bestillast i nettbutikkane til friluftsråda på www.stikkut.no.

Pause og ny start

Sommarsesongen av Stikk UT! er den som inspirerer og motiver flest til å kome seg ut på tur. Men i vinterhalvåret er det også viktig å kome seg over dørstokken og ut i frisk luft. Friluftsråda, kontaktpersonane i kommunane og dei frivillige er derfor allereie i full gang med å få alt klart til vintersesongen med Stikk UT! Ski og Stikk UT! Vinterfottur. Denne sesongen startar 15. desember og varer til 2. påskedag. I tillegg vil det dukke opp fleire spennande ting i appen i tida framover.

Tusen takk til alle som deltek på Stikk UT!, og vel møtt til nye turar frå 15. desember.

Beste helsing Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal (FNR) og Sunnmøre friluftsråd (SF)

Powered by Labrador CMS