Et hefte.
Det nye «Teft og tykkje 2025» er spekka med ord, uttrykk og forteljestoff frå bygdene på Nordmøre.

Dialekthefte i ny utgåve

Dialektsamlinga med det rare namnet «Teft og tykkje» er ute i fornya og forstørra utgåve.

Bøfjorden Historielag gav ut sitt første «Teft og tykkje» for 20 år sia. Det hadde da rundt tusen ord og uttrykk frå bygdene på Nordmøre.

Innsamlingsarbeidet har halde fram. Fleire utgåver er trykte gjennom åra. No er eit mykje større hefte å få. 

Over to tusen oppslag

«Teft og tykkje 2025» inneheld rundt 2300 typiske dialektord og mange folkelege uttrykk. Som tillegg finn du lokale forteljingar, kåseri, dikt og eventyr - der nedarva uttrykk er fletta inn i levande språkbruk.

Oppslagsord og folkelege uttrykk

Stoffet kan lesast som rein underhaldning. Samtidig er dette ei oppslagsbok i nordmørsk dialekt. Kva er «glisfausk»? Har du vore «rokkmann»? Kvar finn du «skolaråa»?

Fyndord og uttrykk manglar heller ikkje. – Gakk heå! – Ho e på di fjølen så dundra! Det tryt ikkje tosk! - Heng-på kjelen! – Det e ikkje farleg for den så har bispen te mobro!

Kåseri og eventyr

Tillegget byr på kåseriet «På heimsjynå» og stubbar etter Leif Halse og Edvard Langset. Av lokale eventyr kan ein lesa «Pengpungjen så alder vart tom», «Oskfisen og jutulen» og 7-8 til, frå Todalen, Surnadalen, Bøfjorden og Halsa.

Tittelen «Teft og tykkje» er eit bøfjordsk uttrykk for «smak og behag» - men enda meir poengtert. Føreordet til samlinga reflekterer over verdien av gamle uttrykksmåtar og gir råd om korleis ein kan skrive dialektbasert norsk.

Powered by Labrador CMS