Bøfjorden historielag

Bøfjorden Historielag hadde årsmøte på Sjøbruksmuseet torsdag.
Bøfjorden Historielag hadde årsmøte på Sjøbruksmuseet torsdag.

Årsmøte og sommarplaner

Eit samstemt årsmøte i Bøfjorden Historielag vedtok torsdag årets sommarprogram. Sjøbruksmuseet startar sine temasøndagar 18. juli.

Aktuelle tema for søndagane på museet er klare. At Bøfjord Idrettslag fyller 75 år, blir sjølvsagt markert. Gardshistoria for Settem kan vise til 400 år med sagbruksdrift, smørmeieri, eit markant persongalleri og innslag av dramatikk. Vidare blir kyrkjeliv og lokalt oppstyr rundt 250-årsjubilanten Hans Nielsen Hauge presentert. «Skuter og skjebner», skuleglimt, stadnamn og historiske foto står også på sommarens temaliste.

Historielaget jobbar med opprusting av museumslokalet, mellom anna vil nytt varmeanlegg bli installert i løpet av året.

Betre presentasjon av bygda for tilreisande er eit prioritert satsingsområde. Slagordet «Bøfjorden - i hjertet av Nordmøre» vart lansert på årsmøtet.

Etter torsdagens valg består styret i Bøfjorden Historielag det komande året av Gunnhild Vetleseter Bøe, Inge Dønheim, Bernt Bøe, Tore Sannes og Kirsten Baadnæs Bøe.

Nokre komande temadagar

Blir tema: Bøfjord Idrettslag fyller 75 år.
Blir tema: Bøfjord Idrettslag fyller 75 år.
Blir tema: Bøfjorden har mista skulen sin. Men mykje liv knyter seg for eksempel til Gammelskulen, som vart bygd for 150 år sidan. Her potetløp ein 17. mai på 1950-talet.
Blir tema: Bøfjorden har mista skulen sin. Men mykje liv knyter seg for eksempel til Gammelskulen, som vart bygd for 150 år sidan. Her potetløp ein 17. mai på 1950-talet.
Blir tema: Hans Nielsen Hauge (250 års-jubilant i år) møtte gjetartausa i Sollia her på Snømyra, fortalte Jonas Settemsdal i 1998 til skuleelevane Silje Bøe (frå venstre), Torbjørg Rosvoll og Ida Elisabeth Dønheim.

Blir tema: I garden Settem si 400 år lange sagbrukshistorie utgjorde Nordmøre Impregnering ein viktig periode. Foto frå 1950-åra.
Blir tema: I garden Settem si 400 år lange sagbrukshistorie utgjorde Nordmøre Impregnering ein viktig periode. Foto frå 1950-åra.