Åstad: Bernt Bøe (frå venstre), John Petter Mellingen og Jon Inge Vik med Hjelmen og marka i bakgrunnen, der Tølløv skaut Mannbjønnen

Podjakt etter Skyttar-Tølløv

- Podcast er populær radio, fortel John Petter Mellingen og Jon Inge Vik. Kvar fredag legg dei ut jakthistorier i Jegerpodden.

Publisert Sist oppdatert

Dei to namdalingane trålar på heiltid landet rundt etter stoff til serien. Tysdag besøkte dei Bøfjorden på jakt etter distriktets legendariske bjørnejeger Tølløv Pedersen Foldalen (1712-1795).

Fæl og fascinerande historie

Gjennom NRK har dei to vorte oppglødde for den fæle, men samtidig fascinerande, historia om Mannbjønnen som drap fem menneske i Bøfjord-traktene midt på 1770-talet. Og sia nemnte Tølløv for alltid har æra for å ha skote denne bjørnen - og kanskje eit hundretal til - tok Jegerpodden kontakt med Bøfjorden Historielag med tanke på podcast om Skyttar-Tølløv og jakta på det berykta rovdyret.

Fem drepne

Ved Bjønnastøtta i Haugaskaret vart Mellingen og Vik møtt av Bernt Bøe frå historielaget og fekk innføring i historia som med skiftande intensitet har levd i dette lokalsamfunnet i snart 250 år. Ein og same bjørn tok frå hausten 1774 til sommaren 1776 livet av fem menneske - i Trodalen, på Dragset, i Hendadalen, på Kalset og i Åkvika. Så vart den i følgje tradisjonen skoten i området rundt fjellet Hjelmen - av nettopp Skyttar-Tølløv.

Åstaden for mannbjønnjakta

Ein svipp opp til Settemsdalssletta, så nær åstaden som muleg, var neste etappe for Mellingen og Vik, som arbeider på heiltid med Jegerpodden. Rett nok er ulike stader i terrenget omtala som plassen der Mannbjønnen fall - området strekkjer seg frå Benkjin oppunder Hjelmen til Hjelmskaret og Mørkdalen. Men stunda gav uansett dei jaktinteresserte trønderane kjensla av å vera i sentrum av ei historisk begivenhet.

Historia sit i veggene

Etter ei rask omvising i Bøfjorden, der podcast-ekspertane vart orienterte om kvar bjørnen drap sine offer, vart det lydopptak – inne på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Kvart år blir historia om Mannbjønnen og Skyttar-Tølløv formidla her på museet - til ungdomsskuleelevar og andre. Den sit så å seie i veggene. Slik kunne mikrofonane forsyne seg av stoffet da Jegerpodden stilte aktuelle spørsmål og festa Bernt Bøe sine svar til opptakaren.

Opptak: Historikken om Skyttar-Tølløv blir lydarkivert hos Jegerpodden. Frå venstre teknikar Jon Inge Vik, intervjuar John Petter Mellingen og lokalformidlar Bernt Gudrunson Bøe

Stø på avtrekkaren

Dermed får Jegerpoddens lyttarar høre om da 10-åringen Tølløv på fjellbruket Garden i Folldalen stal børsa til faren og skaut ei linerle av ryggen på kua som mor hans sat og mjølka! 12 år gammal gjekk han enno i kjole da han på ein svipptur i skogen gjorde det av med to bjørneungar og mora deira. Som vaksen imponerte han stort med å skyte-av teinen under verhanen på Rindals-kyrkja. Like eins sendte han tre skot gjønnom same holet i blinken under ein soldateksis på Fiskja.

Livnærte familien med jakt

Til Jegerpoddens spørsmål om familieforholda er svaret at Tølløv var gift meg Ingeborg Kirkholt frå Rindalen og at dei hadde fem born. Blant dei vart sønnen Ola seinare berømt som «Kårøyskyttaren». Familien vart brødfødd med inntekter av farens jakt.

I presten Hagerup sin søknad til Vitskapsselskapet om skyttarlønn for Tølløv i 1772 heiter det at jegeren «foregiver at have skudt og ødelagt 103 Bjørne og 11 Ulve». Inntektene av bjørnejakt var hovudnæringa hans, skriv presten. Om ikkje dei store tala er stadfesta, viser tingbøkene at han eit 20-tal gonger har vist bjørneskinn på tinget og fått skotpengar for dei.

Ikkje skvetten av seg

Fantastiske jakthistorier om Tølløv vart formidla til podcastsendingane. Ei kald natt overnatta han med to nyskotne bjørnar attmed seg: Han flådde ei side av kvar, bretta dei to halve «fellane» over seg og sov godt heile natta. Ein gong kraup han inn i bjønnahiet med eit talglys framme på rifla, vekte bamsen - og skaut han.

Skaut Mannbjønnen - visstnok med sølvkule

Den mykje omtala mannbjønn-jakta fekk Vik og Mellingen presentert i tradisjon frå Oppigarden i Settemsdalen. Det skal ha vore sommaren 1776 at Tølløv og jaktkameraten, kanskje Lars frå Ellevset-Jaren, fann bjørnefara ved Hjelmen. Da dei oppdaga bamsen sovande på ein stein, gjekk dei «trollring» rundt før dei vekte han. Lars skaut eit mislykka skot først - før Tølløv sette endeleg punktum for Mannbjønnens herjingar. Og da med ei sølvkule ...

Sant eller usant – dette er fortalt i tråd med folketrua: «De paastaaer at paa saadanne (Mand)Bjørne bider ingen kugler, men kun en Sølvknap». Så heiter det da også at dei fann sju vanlege blykuler i skrotten – dei beit altså ikkje på!

Under pod-opptaket vart det grundig poengtert at overleveringane om Mannbjønnen - meir enn dei om Tølløv - har innblanda mykje overtru. At dette likevel er stoff som vil interessere radiolyttarar, er heva over tvil.

Gravstad og gjenstandar

Jegerpodden gav seg ikkje før dei og fekk klarlagt kvar Tølløv Pedersen Foldalen er gravlagd og om det finst gjenstandar etter han.

Kyrkjebokekspert Tor Aalbu hjelpte teamet med å klarlegge at meisterskyttaren vart gravlagd ved den daverande Rindals-kyrkja den 26. april 1795. Han var da 83 år gammal.

På museet i Rindal er det bevart ein kløvsal etter han - med årstalet 1758 og bokstavane T.P.S., altså «Tollef.Peder.Sen». Og yndlingsrifla hans, som han lånte på garden Storholt, eksisterer framleis - i privat eige i ein av nabokommunane til Rindal.

Denne kløvsalen etter Tølløv finst på museet i Rindal
Mekanismen på Tølløv sitt yndlingsvåpen, Storholtrifla
Powered by Labrador CMS