Gamle Nordmør 2020

Bøfjorden Historielag har heilt sida 2012 gjeve ut årsskriftet «Gamle Nordmør» med stoff langt utover sitt eige lokalmiljø.

Publisert Sist oppdatert

I eit godt illustrert hefte på 80 sider er vi innom store deler av Nordmøre, frå Rindalsskogen til Kristiansund.

Bjønnastøtta

Mange har sett steinstøtta ved Fv65 på Haugaskaret, kanskje prøvd å lese teksta på den også. Artikkelen gjev grundig gjennomgang av bakgrunnen for denne støtta, både med bakgrunn i historiske dokument, folketru og muntleg tradisjon.

Mannbjønnstemnet 1976

Bjønnaskyttaren Tølløv Person Folldal var helten som vart hedra med denne bautaen. Han har også vore hedra med fleire dramatiseringar, kan vi lese.

«Veslegut»

Statuttane til Bøfjorden Historielag seier at laget skal «ta vare på, og formidle vidare, lokal historie og tradisjon.» Derfor får vi historia om snurparen «Veslegut» i dette årsskriftet.

Veslegut

Her ligg «Veslegut» nærast under storsildfisket med ein sjeldan stor fangst.

Ole Vig

Ein annan artikkel fortel om læraren, folkeopplysningsmannen, redaktøren og diktaren Ole Vig som sommaren 1848 gjekk frå Stjørdalen til Stangvika og overnatta både på Haugen, Rindalsskogen og Kvammen, Surnadal. Artikkelen siterer interessante obsevasjonar av gardsbruka i Rindal og folket i Kristiansund.

Stangvik Prestegard

Stangvik prestegard

Denne prestegarden har fått nytt livgjennom «Kulturspinneriet» etter at den har stått tom nokre år. «Gamle Nordmør» gir oss i årets utgåve eit tilbakeblikk på kultuhistoria knytta til at Stangvik har vore kyrkjestad heilt frå 1400-talet. Artikkelen knyter mange kjente namn til Stangvik.

80-årsminne

Det er heller ikkje urimeleg at eit årsskrift i 2020 ser attende på hendingar i 1940. Vi får ei nær skildring av hendingane i Gratangen og Narvik i 1940 frå lokale personar som deltok i kampane der nord.

Innhaldsliste

Nedafor kan du sjå innhaldslista og tittelen på dei artiklane som ikkje er trekt fram her.
Innleiingsvis er det ei side med eit kort samandrag av aktiviteten til historielaget.

Skaff deg «Gamle Nordmør 2020» og les alt!

Bøfjorden Historielag er medlem av Trollheimsporten.
Powered by Labrador CMS