Annonse fra Bøfjorden Historielag:

Bøfjorden Sjøbruksmuseum opnar straks dørene for ny sommarsesong.

Satsar på ny sommarsesong

Sommarsesongen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum startar med temasøndagar frå 18. juli. Men først inviterer historielaget til årsmøte.

Pandemien halverte fjorårets sesong. Også i år er starten utsett ein månad, men frå midt i juli til 12. september blir det søndagsope museum med kaffe, utstillingar og kåseri.

- Snart varslar skipsklokka ny sesongstart på sjøbruksmuseet, seier leiar Bernt Bøe i Bøfjorden Historielag .

På lista over Dagens Tema denne sommaren står 75-årsjubileet for Bøfjorden Idrettslag, som også kan markere rundt tal for Blåfjelløpet. At 250-årsjubilant Hans Nielsen Hauge besøkte Nordmøre fleire gonger og sette djupe spor, blir også lagt merke til. Av bøfjordingar møtte han gjetarjenta i Sollia sommaren på Kvennhusmyra i 1799, veit vi. Kyrkjehistorie, 400 års tilbakeblikk på Zetumb Saug og «hollendertida», skulehistorie, fotosamlingar og interessante bokfunn blir også teke fram på museumsdagane.

Styremedlemmane Gunnhild Vetleseter Bøe (frå venstre), Eli Moen, Bernt Bøe og Inge Dønheim har planene klare for museumsdagar også i sommar.

Uoffisiell sesongopning skjedde måndag 14. juni, da både 9. klassingane i Surnadal og NRK var på museet og fekk innføring i lokal historie – mellom anna om den grusomme Mannbjønnen, som no blir podcast-figur i radio.

Torsdag 1. juli har Bøfjorden Historielag årsmøte på museet.

Powered by Labrador CMS