Bøfjorden Sjøbruksmuseum:

En slekt på 7 mennesker står sammen hvor hun eldste holder opp et sort hvitt bilde av en eldre mann.
Slektningar samla om 125-årsjubilant Bjarne Megard. Ståande frå venstre Ante Jonas Gaup Gustad (oldebarn), Torgunn Sollid-Bolås (barnebarn), dotter Astrid Megard Sollid, Lina Strømme (barnebarn) og Erlend Flø Gustad (oldebarn). Sitjande Anders Gustad (svigersønn) og dotter Bjørg Kjølen - med biletet av faren.

Kulturkjemper i fokus

Hans Hyldbakk og Bjarne Megard var begge fødde for 125 år sia. «Kleivakongen» og «Pedagogjen» vart feira på museet i Bøfjorden søndag.

Publisert

Med stoff frå sitt rike fotoarkiv, litterære kjelder, lydopptak (Megard), framføring av dikt, prosa og song portretterte Bøfjorden Historielag dei to jubilantane i kvar sin bolk.

Kleivakongen – også som arbeidsgjevar

Surnadalingar var fråverande – dei «kan» nok sin Kleivakonge og feirar han på eigen måte. Biletkåseriet på museet var eit komprimert portrett med blikk på hans enorme produksjon - 11 000 sider lokalhistorie forutan dikt, Kleivabrev og prosa. «Badstubad» fekk si halvsceniske framføring.

En mann lener seg inntil en statue av hodet til en mann og ser mot det
Kåsør Bernt Bøe har alltid beundra historikaren og lyrikaren Hans Hyldbakk – her attmed Tore Bjørn Skjølsviks bauta over Kleivakongen.

Anekdoter piffa opp programmet: Radiotjuven Hyldbakk, arrestasjon for ironisk nazihelsing og 50-mils turné Surnadal-Røros med boksalg – frå ein dragarkjelke! Dei 800 kr han tente på dette, skapte historikaren Hyldbakk, som «gjorde folket og heimane levande for ettertida» - i hans eigne ord.

Bøfjord-skildringa frå «Ei haustferd på Nordmøre 1934» viste nettopp slik levandegjering. Her budde han helst i Jensstua, og brørne Arve og Helge Settemsdal i salen bekrefta dette. – Og som vedhoggar for Hyldbakk er eg vel av dei få som har hatt han til arbeidsgjevar, sa Helge. – Mor Marie koka forresten mølsgraut som vi drog til Kleiva med kvar jul!

Megard-familien deltok

Innspel frå publikum berikar programma. - God stemning er varemerke her på museet, sa ein av dei frammøtte.

Særleg merkast dette under Megard-bolken. Slektningar kom frå Steinkjer, Ekne og Frøya: Døtrene Bjørg Kjølen (88) og Astrid Megard Sollid (81), svigersønnen Anders Gustad, to barnebarn og to oldebarn. Besøkande frå Averøya hadde hatt Megard («Pedagogjen» som han kalla seg) til lærar der.

Et gammelt bilde i sort hvitt av en familie med barn
Familiefoto året etter Bjarne sitt Falstad-opphald. Ståande: Torstein, Aud, Olav og Gunnvor. Sitjande: Bjørg, mamma Karen med lille Astrid, pappa Bjarne med Sigrun og lengst til høgre: Torgunn. Seinare kom to barn til: Kolbjørn og Ragnhild.

Familiefar og allsidig ordkunstnar

Bjarne Megard vart gift med si Karen (Hamnes) i 1927. Dei fekk ti born. Når dottera Bjørg (no 88) tok fram minne frå barneår og oppvekst, kom artige og dramatiske hendigar så vel som farens fargerike person tett på dei mange i salen.

Historielagets lydarkiv har fleire timars opptak med Megard. Smakebitar av dette viste den fantastiske forteljekunsten hans, både i bjørnehistorier og bibelsoge. - Det laut jo vera på norsk, sa han. - Når Israelsfolket kryssa Raudehavet, var det som dei gjekk tørrskodde over Bøsundet!

Opptak, lesing og bilete gav glimt av ei uvanleg rik livshistorie. Som 17-åring starta han Tingvoll Idrettslag og var av dei fremste i løp og hopp. Musikaren, kunstmålaren, forkynnaren og diktaren Bjarne Megard kom også fram. Hans tekst «Å kjære mitt heimland» som allsong, til tonar frå Megard-orgelet (som museet no eig), skapte rørt attkjenning hos døtrene.

Dramatisk under krigen

Under krigen nekta Megard på nazikravet om å gå inn i Norges Lærersamband. I 1942 vart han difor ført til fangeleiren Falstad. Familiens minne om dette vart eit gripande programinnslag.

Etter samtale med mormor Karen i 1984 skreiv barnebarnet Torgunn ned kva som skjedde. Astrid, mor hennar, vart fødd nettopp i dei dramatiske dagane våren 1942. Tante Bjørg (7 år den gongen) supplerte med si eiga oppleving.

Brutalitet – og nabokjærleik

Klokka 4 natt til 21. mars dundrar det på døra heime i Myran: – Megard, stå opp! Lensmannen og to andre nazistar arresterer 7-barnsfaren framfor augo på Karen. Ho ventar da sitt åttande barn kva dag som helst!

Bjarne bed om å få vera heime til etter fødselen. – Det kjem ikkje oss ved. Du kan melde deg inn i Lærersambandet! er det brutale svaret frå dei tre, som han kjenner. Dei presiserer at han ikkje må pakke våpen i kofferten. – Jau, eg har med mitt sterkaste våpen, seier Bjarne. – Det er Bibelen!

Sjokket lamma familien. – Da eg vakna, låg alle saman og storgret, hugsa Bjørg. – Eldstemann Olav på 14 trøsta mor og lova å hjelpe alt han kunne.

Naboane reagerte sterkt og kom med støtte på alle vis. Karen sa at ho aldri kunne få fulltakke dei.

Bjarne får eit hardt møte med nazimakta bak piggtråden på Falstad, leiren som forfattaren Egil Ulateig har kalla «et glimt av helvete». – Vi skreiv brev, men dei vart sensurerte og forkludra, fortalte Karen.

Tre kvinner og en mann står ved siden av hverandre
På ungdomsskulen skreiv Torgunn (Sollid-Bolås, t.v.) særoppgåve om da bestefaren vart naziarrestert. Opplesinga rørte forsamlinga på museet. Attmed Torgunn står Bernt Bøe, mora Astrid - som altså vart fødd like etter arrestasjonen - og tante Bjørg.

Astrid kjem til

Ni dagar etter angrepet fødde ho ei fin jente, biletkunstnaren Astrid Megard Sollid, som måtte finne seg i å vera midtpunkt i denne delen av programmet.

– Heldigvis gjekk fødselen fint, har Torgunn skrive ned etter mormor Karen. Men uroa over ektemann og far i nazifangenskap låg som otte over dei alle. Ville dei nokon gong sjå han att? Kunne han bli sendt til Kirkenes?

Vekene gjekk, og ei viktig hending stunda til: Ein søndag bar dei lille Astrid til dåpen - hos sokneprest Stoltenberg i Åsskard kyrkje. Men utan pappa Bjarne ...

I mellomtida skjedde det forunderlege – utan at Karen og borna visste det: Blant dei få fangane som slapp fri etter nokre veker på Falstad, var faktisk Bjarne.

Og så kunne Bjørg fortelje til ein tårerørt forsamling på Bøfjorden Sjøbruksmuseum: - Da vi i dåpsfølgjet kom tilbake frå kyrkja med lille Astrid, stod pappa Bjarne på trappa i Myran – som fri mann!

Et fotografi av et kunstverk, et maleri
Astrid Hamnes Megard arva og utvikla farens kunstnartalent. Søndag gav ho dette måleriet - ein flott tilvekst til museets sommarutlodning.

Dette store og ufattelege vart dagens høgdepunkt for alle frammøtte på museet.

– Mot muren!

Men meir hører med: Krigen var ikkje slutt. Nazilensmannen prøvde seg igjen. Da Megard som formann i soknerådet nektar å utlevere protokollen, får han denne brutale trusselen: - Du skulle vore stilt mot muren!

Karen, med vesle Astrid på armen, protesterer fortvila: - Eg vil spørre om lensmannen vil ta faren frå desse borna ein gong til? Da stryk nazisten på dør – så rasande at han glømmer hatten sin. Men Karen går berre roleg etter og gir den til han ...

Seinare kom lensmannen aldri att. Men kvar gong han køyrde forbi i Mercedesen sin, sprang ungane redde inn til mor.

Hendingane desse vekene våren 1942 sette på ulike måtar spor etter seg. For somme vart ikkje livet heilt som før.

Mange mennesker sitter rundt bord og ser mot en skjerm
Biletskåseriet fortalte historie. På gamle Bøfjorden skule (lerretet) møttest dei under i Hyldbakk si «Haustferd» i 1934, og han skildra Megard som «ein pratsam og retteleg sporty kar til synagogeforstandar å vera».

Ettertanke

Vår tid har ein kanskje velmeint vilje til å tone ned nazismens alvor. Samtidig er nok denne nærgåande skildringa av brutal åtferd mot mann, kone og ein stor barnefamilie noko ein aldri bør glømme.

Kanskje det også kan hjelpe oss til betre å forstå dei som i dag må rømme frå krigens tyranni i land ikkje langt frå oss?

Av dei to store 125-årskjempene var det kanskje «Pedagogjen» og hans liv og gjerning som samla mest interesse denne dagen i Bøfjorden.

Et sort hvitt bilde av hester og mennesker foran et hus
Jensstua var Hyldbakk sin faste «heim» i Bøfjorden.
Powered by Labrador CMS