Variert program

Skuter og trimtips
To tema utfylte kvarandre på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Folk i salen fekk glimt av både sjøliv og fjellturar.
Frå Averøya kom Charles Leite og Magne Otterlei med kvar sine flotte modellskuter. Modellen «Hansine» (Leite) viste den nordlandske jekt-tradisjonen heilt frå Petter Dass si tid. Og for ein presisjon i detaljane! Med stor fartykunnskap og nitid fingerferdighet har byggjaren gjengitt alt tilhørande utstyr i perfekt miniformat.
Fantastiske detaljar
Gjennom taljer med bevegelege hjul i millimeterstørrelse går hyssingtynt tauverk - med ekte spleis! Rundt råseglet har Leite lagt inn kanskje hundre kausar.
Tønnene i cm-størrelse er ikkje tilspikka treklossar, men ekte bøkkerarbeid. Ja, kaggen i lettbåten består av mm-breie tønnestavar, lokk og botn av fibertynne treplater og tilsvarande ørsmå tønneband. Skylight, bommar, rekkverk, ankerstokkar og alt anna røpar eit handlag som overgår den beste urmakar!



Modell av «Veslegut»
Magne Norman Otterlei har (nesten) ferdig sin modell av snurparen «Veslegut», som tilhøyrde familierederiet Otterlei. Også her er det gjort fantastisk arbeid med å gjenskapa detaljar frå fiskebåten som ikkje minst hadde mange bøfjordingar ombord.
Av desse var Einar Bøe til stades på museet. Han var bestmann på «Veslegut» i mange år og var med da båten i 1960 vann Sølvsilda for beste resultat i storsildfisket.
- Men eg treng å vite meir om enkelte detaljar på båten, seier Magne Otterlei og bed folk som var med der eller har foto av «Veslegut», om å ta kontakt.


Jekt og jakt
Ein kort del av søndagens biletkåseri tok for seg ulike jekt-farty og samanlikna denne skipstypen med «jakt» og «galeas», som både hadde annleis skrog og heilt anna seglføring.
Foto viste også livsløpet til «Veslegut» frå bygginga i 1912, via selfangst og tysk marineteneste til karrieren som sildesnurpar og påtenkt verneobjekt før opphogginga for få år sia.
Turar i Friluftsåret
Del II av programmet var vigd Friluftslivets år 2025. I ein lysbildebolk tok historielaget vandringar til Blåfjellet, Håkkåsteinen, Skrøvsetsetra og Settemsfjellet. Alt ispedd små hendingar og dramatikk frå farne år.

Mykje reklame for flotte påsketurar - og gruvebesøk frå 1800 - fylte biletvandringa frå Settemsdalssletta til Hjelmen. Også Bølia kunne skllte med seterkultur og herleg utsikt til meir enn «sju prestegjeld».


I siste biletbolken bar det «fjurulangs» frå Saksen (var det holmgangsplassen Soksu i «Soga om Gisle Sursson»?) til den antikke «hamnebyen» og høvdingesenteret Båtvika (med 8-9 gravhaugar frå bronsealderen. Og langs denne ruta er det meir kulturhistorie enn dette refeatet har plass til.


Gode turtips mangla i alle fall ikkje denne ettermiddagstimen!