ANNONSE:

Inntil hundre i kyrkja!

Sundag kl. 11 blir det gudsteneste i Rindal kyrkje. Me kan vera inntil hudre, så det er berre å møte opp. Nattverd. Vel møtt!

Preiketeksta står i Johannes 13,30-35: 30 Med det same Judas hadde fått biten, gjekk han ut. Det var natt. 31 Då han hadde gått, sa Jesus: «No lyste Guds herlegdom om Menneskesonen, og herlegdom lyste om Gud gjennom han. 32 Og har Gud vorte herleggjord gjennom han, så skal Gud sjølv herleggjera han. Ja, snart skal Guds herlegdom lysa om han! 33 Endå ei lita stund er eg hos dykk, borna mine. De kjem til å leita etter meg, men det eg sa til jødane, seier eg no til dykk òg: Dit eg går, kan ikkje de koma. 34 Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. 35 På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.»

Powered by Labrador CMS