Sjølgjort på nasjonaldagen

Covid-omsyn og andre vanskar hindrar ikkje feiring av 17. mai rundt i bygdene. Mykje oppfinnsamt og sjølgjort vart gjennomført også i år.

Publisert Sist oppdatert

Åsskard kyrkje mangla prest. Men soknerådet ville likevel ha gudsteneste i tilknyting til den årvisse minnemarkeringa ved soldatbautaen på nasjonaldagen.

Kyrkjevert og soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen hadde forsongargruppe, kyrkjetenar, klokkar og gammelorganist med på laget. Minigudstenesta vart trygt gjennomført ved kyrkjetrappa – med 17. maisongar, bibeltekster og andakt for dagen.

Korset og flagget

Klokkar Randi Bøe leia samlinga og las dagens tekster. Under overskrifta «Korset og flagget» tok Bernt Bøe for seg bibelbruk i kvardagen og korset som symbol i samanhengar vi kanskje glømmer. Det korsmerka flagget vårt feirar 200 år no i 2021, og slik vaiar hundretusenvis av kristensymbol over heile landet, sa han. Samtidig peika han på at våre nye søsken frå andre kulturar også er rekna med når vi syng «Lat folket som brøder saman bu, som kristne det kan seg søma». Ei gruppe frå koret P17 avrunda gudstenesta med «No livnar det i lundar».

Soldatminne ved kyrkjene

Både i Stangvika, Todalen og Åsskard sørgjer dei lokale historielaga for minnestund ved sine soldatbautaer på 17. mai. I Åsskard heldt Gunhild Bøklep Bøe tale og la krans ved minnesteinen over Gunnar P. Bøe, som fall i Gratangen 25. april 1940.

Oppfinnsame tog

Store 17. maitog med korps mangla dei fleste stader i år. Men i grendene var oppfinnsomheta stor. På Heggemsstranda laga dei sin eigen oppmarsj – med «Ja, vi elsker» på youtube. Frå Bele gjekk eit sjarmerande tog til gudstenesta ved Åsskard-kyrkja, og her tona frisk korpsmusikk frå høgttalarar i ei klassisk mjølkevogn!

Kortesje i Bøfjorden

Ein imponerande kortesje av kjørety på to, fire og seks hjul drog gardtales gjennom heile Bøfjorden – frå Heggemsneset til Settemsdalen, Sletta og Bølandet. Stemninga langs vegen var stor, og hurraropa sat laust.

Når dertil gendautvalet spanderte is på både publikum og aktørar, var det ikkje rart at somme ymta frampå om at denne forma for 17. maitog kanskje bør bli den vanlege i framtida, også når feiringa kan skje utan korona-restriksjonar.

Utan tvil: I det gode veret var det i alle bygder rikeleg med heimelaga opplevingar å ta med seg frå nasjonaldagen 2021.

Toget frå Bele sjarmerte mange – endatil med musikk frå mjølkevogna!
Korgruppa og organist Bernt Bøe leia songen frå kyrkjetrappa.
Gunhild Bøklep Bøe heldt ein gripande tale ved soldatbautaen.
Mopedist Ingebrigt Garthe – i militær ordonansuniform – leia kortesjen av kjørety gjennom heile Bøfjorden.
«Utistu-makta» imponerte stort. Traktorførar er John Olav Baatvik.
Powered by Labrador CMS