Arve Evensen

Tid for fårikål på Todalshytta

Publisert

Etter ein travel restaurantsommar er Todalshytta for lengst over i eit anna modus, med meir arrangement og lokale aktivitetar. Denne veka førebur kjøkkenet seg på eit stund med årets lam – laurdag prisar vi hausten og arrangerer fårikåldag i restauranten, fortel Arve Evensen som er vert på Todalshytta. Denne dagen blir det altså kun fårikål på menyen, og vi satsar på at vi skal klare å traktere mange på den ettermiddagsstunda vi har satt av til fårikåldag.

Evensen fortel at dei på Todalshytta har hatt mange spisegjestar både frå Surnadal og Rindal i sommar og tek meir enn gjerne mot fårikålelskarar på laurdag – det er berre å slå på tråden seier han.

Powered by Labrador CMS