ANNONSE:

Et bilde av sodd og potet i en middagstallerken
Sodd frå Todalshytta

Jubilerer med sodd frå Todalshytta

Byggmakker og Hageland i Surnadal skal feire i heile mai månad – Hageland har i desse dagar 10-årjubileum, medan Byggmakker har stått på barrikadane i heile 25 år. - Begge er vitale jubilantar som altså feirar i ein heil månad til ende.

Sist helg fyrte dei opp pizzaomnen og serverte heimebaka pizza til alle som stakk innom – stor begeistring for den heimelaga pizzaen som Knut Bergli kunne traktere gjestane med.

Komande helg er det heimelaga sodd frå Todalshytta som står på menyen. Arve Evensen som er vert på Todalshytta fortel at det er smakfull og heimelaga sodd det er snakk om – for å sette ein ekstra spiss på smaken har dei bruka basturøyka lammelår frå Storlidalen i oppskrifta.

Sodden er laga på gammeldags vis, frå botnen av og her er det sjølvsagt bruka kjøt frå lam som har gått på sommarbeite langt inni Trollheimen. Evensen fortel at dei har bruka den største kjelen dei har, og serverer så lant det rekk!

Powered by Labrador CMS