Kristin Bøklep (f.v.), Edvard Bolme Fjerstad og Gunn Astrid Hove.

Mistar store inntekter grunna korona: No ber russen lokalmiljøet om hjelp

Surnadalsrussen 2021 er klare på at dei vil gjere sin del i den store koronadugnaden, og tek ansvar, mellom anna ved å avlyse dei tradisjonelle Sagatun-festane. Konsekvensen er at både russerevy og russeavis står i fare for å ryke, med mindre dei får hjelp frå sambygdingane.

Publisert

Fredag fortel festsjef Kristin Bøklep, revysjef og russeavisredaktør Gunn Astrid Hove og russepresident Edvard Bolme Fjerstad om den krevande situasjonen russen i Surnadal no er i.

Koronapandemien gjer at Surnadalsrussen 2021 mistar så godt som alle dei faste inntektene russen tradisjonelt har fått inn. Ikkje kan det arrangerast festar i Sagatun, ikkje kan ein gå med bøsser i demensaksjonen, slik russen tidlegare har gjort.

Også billettinntekter ved ein eventuell revy i mars neste år vil verte reduserte, dersom smittevernsituasjonen framleis ikkje gjev rom for meir enn 120 publikummarar i Storstuå.

Det gjer at Bøklep, Hove og Fjerstad no går ut og ber lokalmiljøet om hjelp.

– Slik det ser ut no, er vi avhengige av hjelp frå bedrifter og kultursjela i Surnadal, dersom vi skal få gjennomført revy og gjeve ut avis, seier Hove, og legg til:

– Viss enkeltpersonar har lyst til å bidra takkar vi sjølvsagt og ja til det. Om det så er ein femtilapp. Ein treng ikkje bidra med millionar.

– Ja, alt hjelper, seier Bøklep.

– Det å lage ein revy kostar

Dei tre representantane frå Surnadalsrussen fortel at det er viktig for russen at dei ikkje blir assosiert berre med fyll og høg bass.

– Vi har lyst til å bidra med noko heile bygda kan ha glede av. Er bedrifter og andre med på denne dugnaden, får vi levert ein revy og ei russeavis som vi veit vil vere til stor glede også for andre enn russen.

Neste års russerevy er beramma til 4.-6. mars. Storstuå er allereie booka, og planlegginga - der russen mellom anna planlegg fire forestillingar i staden for tre, som har vore vanleg - er i full gang.

Det betyr at russen vil få kostnader, mellom anna til teknikarar og innleigd instruktør, som dei vil måtte betale sjølv om koronasituasjonen i Surnadal i mars fører til avlyst revy.

– Det er stor økonomisk risiko knytt til revyen, det å lage ein revy kostar pengar. Utgiftene forpliktar vi oss jo til uansett om revyen kan gjennomførast eller ikkje, så vi må planlegge ut i frå det. Derfor er vi avhengige av hjelp frå næringslivet, seier Hove.

Vil opprette Spleis

Festsjef Bøklep fortel at det er viktig for russen å vise at dei tek omsyn til koronasituasjonen, og får støtte frå Gunn Astrid Hove.

– Ja, vi tek ikkje lett på dette. Det er ein felles dugnad, som også russen er med på, seier ho.

Fjerstad, Bøklep og Hove fortel at russen har vore i god dialog med kommuneoverlege, Sagatun og politiet.

– Vi skulle i utgangspunktet arrangere fest på Sagatun tidlegare i haust, men då alt var ferdig planlagt og klart til fest, vart smittesituasjonen i landet verre. Dermed måtte vi avvente, seier Bøklep, og fortsett:

– Det er synd at desse festane ikkje blir noko av, for det er eit viktig, og ikkje minst trygt, samlingspunkt for ungdom. Det er natteramnar og vakter der, og eit tryggare alternativ enn privatfestar - spesielt for dei yngste, som ikkje kan gå ut på hotellet.

Ho skryt av Sagatun:

– Dei har vore flinke til å hjelpe oss heile vegen, og har og sagt at dei vil sponse oss med 15 000 kroner. Både dei og vi håpar at fleire følgjer opp.

Russepresident Fjerstad trekkjer fram Surnadal Sparebank, som har sponsa russen med 10 000 kroner.

– Vi sett stor pris på alle som vil bidra. Dei bidraga vi har fått inn gjer at vi er på veg. Totalen er framleis for liten, slik det er no, så vi håpar at fleire følgjer på, seier dei tre.

Russen har planer om å opprette ein Spleis, som dei vil dele på Facebook-sida Surnadalsrussen 2021. Der vil folk kunne bidra.

Powered by Labrador CMS