F.v. Tania Yu Auglend, Aurora Dønheim Berle, Heidi Fiske, Una Langeland Gravvold og Kjell Gunnar Polden.
F.v. Tania Yu Auglend, Aurora Dønheim Berle, Heidi Fiske, Una Langeland Gravvold og Kjell Gunnar Polden.

– På damesida er det litt Surnadal mot resten av verda no

Det seier Kjell Gunnar Polden i Surnadal NTN TaeKwon-Do-klubb med glimt i auget etter at utøvarar frå klubben nok ein gong markerte seg sterkt under ein stor, internasjonal konkurranse.

Publisert

I skrivande stund kjempar lokale TaeKwon-Do-utøvarar om edelt metall i ei stor, internasjonal turnering i mønster.

Den vert gjennomført digitalt, ved at dei påmeldte utøvarane i kvar klasse vert sett opp mot kvarandre, ein og ein, i eit turneringsformat, frå 1/64-finale og heilt fram til finalen. Mønstra er spelt inn på video på førehand, og kva mønster som skal gjennomførast i dei ulike rundane vert avgjort ved trekning.

Heidi Fiske, som deltek i klassa 1. Dan (svart belte) junior 12-14 år, er klar for semifinale, og det same er Tania Yu Auglend i fortel Kjell Gunnar Polden til Trollheimsporten.

Auglend konkurrerer i ei svært tøff klasse for 2. Dan, og møter ein annan norsk utøvar i semifinalen.

Una Langeland Gravvold, som vann sølv i ei liknande turnering i fjor haust, har vunne sine tre første kampar, og er klar for kvartfinale i 1. Dan junior 15-17 år.

Aurora Dønheim Berle gjorde og ein sterk innsats i same klasse, men måtte gje tapt for ein nederlandsk utøvar i kvartfinalen, fortel Polden.

– På damesida er det litt Surnadal mot resten av verda no. Alle fire har gått vidare mot gode utøvarar, og det er no artig. Nøkkelen ligg i å trene ofte, mykje og rett. Blir det åpna for eit NM i Trondheim i november kan det bli artig, for det er tydeleg at utøvarane held eit godt nivå, seier han, og fortsett:

– Det er artig at ein klubb, som har som uttalt mål å vere breiddeklubb, gjer det så bra. Alle dei fire underviser i klubben, og det hjelper og på, med tanke på å gjere nøyaktig teknikk, som ein er heilt avhengig av i konkurranseformen mønster.

Mønstra i TaeKwon-Do er ein kombinasjon av hurtige, seine, lette og kraftfulle rørsler, saman med eit utstrakt fotarbeid. Trenar Polden er godt fornøgd med innsatsen til utøvarane så langt, spesielt med tanke på at klubben tradisjonelt har vore betre i disiplinen sparring.

– Ja, vi er tradisjonelt ein sparringsklubb, og både Aurora og Una er på landslaget i sparring. Sparring har ein del andre moment som kjem inn, men det får vi no ikkje lov til å gå no utenfor eigen klubb, seier Polden, med hentydning til at sparring ikkje er like smittevernvenleg som mønster.

Surnadal NTN TaeKwon-Do-klubb-mentoren tykkjer det er artig at International Taekwon-Do Federation ordnar slike E-arrangement for å halde motivasjonen oppe hos dei som konkurrerer - sjølv om det per i dag ikkje er så mange frå hans klubb.

– Vi har rundt 110 medlemmar, og fire som har meldt seg på denne turneringa, så det er relativt få aktive konkurranseutøvarar med tanke på det aktive medlemstalet vårt, seier han.

Dei vidare resultata frå turneringa kjem fortløpande utover onsdag og torsdag. Polden har sine tvil om dommarane, som totalt skal gå gjennom rundt 4000 innsendte filmar med utøvarar som går mønster, rekk å halde tidsskjemaet.

– Planen er at ein skal vere ferdige i morgon, men det å sjå så mange videoar tek på tida, seier han.