Surnadals hyllest til Pink Floyd

Scena er under opprigging.

Det riggast til storkonsert

I helga kan vi nyte Surnadals hyllest til Pink Floyd

Publisert Sist oppdatert

I helga er det klart for store musikkopplevingar i kulturhuset. I tillegg til dei to konsertane som vart sett opp først, fredag og laurdag kl. 20.00, er det og sett opp ekstrakonsert kl. 17.00 laurdag. Denne er enno ikkje utseld, så fortvil ikkje om du ikkje fekk billett til dei første oppsettingane.

Trollheimsporten tok ein tur innom onsdag ettermiddag, og såg på framdrifta. Scena begynner å ta form, og midt på finn vi eit digert rund lerret. På dette lerretet viser dei filmsnuttar under konserten, etter inspirasjon av Pink Floyd. Det runde lerretet er Pink Floyd sin signatur. Lerretet har teknisk leverandør Braatthallen LIVE fått spesialbestilt til Pink Floyd hyllesten. Vi fekk også ein kikk på anna spennande scene-effektar inspirert av coveret til albumet Animals frå 1977. Det er ikkje småtteri som skal til, og det kom ein heil trailer med teknisk utstyr. Førbuingane denne veka går både natt og dag. Berre scenerigginga tek kring 40 arbeidstimar. To frå Braathallen jobbar med scenerigg, og musikarar er innom og gjer klart sitt utstyr. På torsdag er det generalprøve, og da må alt vere klart.

Da Trollheimsporten var innom var det to musikarar til stades. Både Brage Einum og Oddbjørn Sponås har vore med på alle konsertane med 'Surnadals hyllest til...'. Dei fortel at det er mykje arbeid som ligg bak, og at dei har halde på i over eit år. Mange av musikarane kjem tilreisande til øvingane frå heile landet, og dei er imponerande profesjonelle. Alle som er med legg sjela si i dette. Det er gått ti år sidan første konsert, og ringen blir slutta med Pink Floyd-hyllest som avslutning. Dei tykkjer det er litt vemodig at det er siste konserten, men at det er greitt å slutte no. -Dette blir ei verdig avslutning, og den beste av alle konsertane. Brage veit det blir bra, og at publikum kjem til å merke at dette er arbeidd ekstra mykje med. Det er ressurskrevande prosjekt og det er kanskje best å gje seg på topp?

Brage Einum bur i Bergen, speler klassisk piano og speler i bandet Benedikt saman med Oddbjørn.
Oddbjørn Sponås bak eine trommesettet. Han driv og med musikk som fulltidssyssel. Han speler i band, produserer, er studiomusikar og musikklærar.
Platecover albumet Animals av Pink Floyd frå 1977
Coveret til albumey Animals har vore inspirasjon for sceneeffektane.
Det blir spent å sjå på fredag korleis alt er vorte. Desse tårna er ein del av scenografien.
Powered by Labrador CMS