ANNONSE:

Kampen om Dovrefjell i Sagatun


Svein Sæter har, saman med Yngvild Sæter, sett fokus på «Kampen om Dovrefjell» i si ferske bok. Torsdag 24. november kl. 19.30 kjem han til Sagatun Grendahus for å ta oss med på ei eineståande vandring gjennom tid og rom i denne store fjellheimen – og med nokre kjappe sideblikk til Trollheimen.

Og kampen står om den skattkista som fjella våre er. På Dovrefjell finst Europas siste opphavelege villreinen og spor etter dei første menneska her til lands.

Temaet er svært aktuelt, for villreinen er ført opp på raudlista for første gong. Og presset mot vassdraga aukar. Kva andre fjellskattar er i fare?

Det er kulturhuset som står som arrangør, men med eit tilbod i eit anna lokale denne gongen. Det er gratis inngang i Sagatun for å vere med på denne times lange fjellturen.

Arrangementet er heilt og fullt støtta av «Den kulturelle spaserstokken» (Møre og Romsdal fylkeskommune).

Velkomen – og gjerne fyll opp bilen, om de trur nokon som ikkje har bil kunne tenkt seg i veg!

Powered by Labrador CMS