Montering av brakker

Bygging av gangveg mellom Vindøla og Røv er i gang

Publisert

Møre og Romsdal fylkeskommune har skrive kontrakt med Solberg Maskin AS på bygginga. Brakkene er på plass ved Røv mølle og vegetasjonsrydding ved Vindøla bru har starta. Denne veka har arbeidet kome i gang for fullt og vegen blir lysregulert, i første omgang fram til sommarferien. Det skriv Møre og Romsdal fylkekommune på sin heimeside.

- Det blir arbeid både ved Røv bru og på Vindøla i april. Det vil i hovudsak vere fjerning av massar og klargjering for sprengingsarbeid, fortel byggeleiar Andreas Bergby i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ventetid

I mai startar entreprenøren med sprenging. Da vil omsyn til tryggleik og behovet for å rydde vegen etter sprenging gjere at det blir inntil 15 minutt ventetid.

- Det er viktig å vere klar over for dei som til dømes skal rekke ei ferje. Vi skal strekkje oss for å ikkje hindre bussar i rute, men trafikantane må rekne med 15 minutt ekstra køyretid frå mai, seier byggeleiaren.

Ferdig sommaren 2023

Før fellesferien i år vil det bli jobba med å utbetre kurva ved Røv bru og bygge gangveg/fortau del for del aust for Vindøla bru. Fram til jul er planen å bygge gangveg/fortau på Røv og ny gang- og sykkelvegbru over Vindøla. Bygginga av gang- og sykkelveg aust og vest for Vindøla er siste etappe av prosjektet, som etter planen skal stå ferdig sommaren 2023.

Fakta om prosjektet

  • 900 meter gang- og sykkelveg
  • 500 meter fortau
  • Ny gang- og sykkelvegbru på 71 meter over elva Vindøla
  • Betre sikt for trafikantane ved Røvbrua
  • Terrengstabilisering
  • Fire busslommer
  • Veglys på heile strekningen
Det er viktig at trafikantane er klar over at det blir lysregulering med ei ventetid på inntil 15 minutter
Powered by Labrador CMS