Trollheimstankar

Berit Moan Møkkelgård er ny helsesøster i Rindalen

- Det er når ein treffer folk at ein lærer om livet

Hei, Berit! Har du ein tekst eller eit dikt du vil dele med lesarane av Trollheimsporten?

Publisert Sist oppdatert

Berit Moan Møkkelgård er nytilsett helsesjukepleiar i Rindal kommune. Ho har budd i fleire delar av landet, og er glad for at ho fekk høve til det før ho landa i Lommundalen.

Svart hettegenser

Nokre menneske har ei utstråling av godheit og varme, Berit er ei av desse. Ho smiler med heile seg, og når ho snakkar om kva ho har opplevd og alle ho har vorte glad i, blir augo våte og ho går og hentar seg eit papir.

- Eg er så lettrørt, sjø!

Det er ikkje vanskeleg å sjå at ho er glad i yrket sitt.

Berit har valt to dikt av instagrampoeten «Berre Kristin» (Kristin Straume).

Ingen av bokstavane
på dei mange papira
får fram kven du er
korleis du smiler
med heile deg
kor elska du er


Du er aller finast
når du smiler sånn
utan å tenkja på
om tennene viser
om nasen rynkar seg
om håret ligg rett
Du er aller finast
no

Berre Kristin

- Vi vil at alle skal bli akseptert, sjølv om dei er annleis, ikkje sant, seier Berit. Men ikkje alle er annleis på den «rette» måten, ikkje alle er annleis på ein «artig» måte, kreative, fargerike. Vi har dei som vi vaksne ikkje heilt forstår oss på, og dei godtek vi ikkje på same måte.

- Eg opplever at det kan vera vanskeleg å akseptere han med svart hettegenser som berre vil game, eller den grå musa. Det må vera lov å vera ei grå mus også, seier Berit og smiler. Her har vi vaksne ein jobb å gjera.

Målet til Berit er at dei ho snakkar med skal føle at dei blir sett og møtt.

- Vi er alle så forskjellige, men vi er alle bra nok, seier Berit. Helsestasjonen skal vera ein plass ein kan seie at ein har det tøft, her kan ein vera sårbar.

Berit har snakka med mange barn og ungdommar og fortel kor glad ho blir i dei.

- Om dei har vore innom meg føler eg at dei er «mine». Når eg ser dei på cup eller ein annan plass tenkjer eg, «Nei, der er du, og der er du». Eg blir så glad i dei alle, smiler Berit. Tru om dei veit det?

Ei lita hand.

- Eg har farta ein del

Berit har ikkje alltid vore helsesjukepleiar. I mange år arbeidde ho på nyfødtintensiven. Ho har arbeidd i Levanger, Førde, Tromsø og Trondheim. I Trondheim møtte ho mannen sin John Bendik, og slik hamna ho i Rindalen.

- Eg har farta ein del, ja, seier Berit. Det er eg veldig glad for. Det er når ein treffer folk at ein lærer om livet. Eg har truffe mykje forskjellige folk og fått mange vener rundt om i landet. Det er ein stor rikdom.

- Å vera nysgjerrig og snakke med folk er ein god eigenskap. Ein lærar mykje av det. Eg hugsar eg snakka og stilte mykje spørsmål til ei mor som var på nyfødt intensiv ein gong. Ho var flykning og hadde mykje livsvisdom, til slutt spurte ho, «Er du journalist, eller», seier Berit og ler.

Klarar ikkje å ti stille

Det har alltid vore naturleg for Berit å engasjere seg på arbeidsplassen sin. Ho har teke ansvar for nytt teknisk utstyr, og vore ei som folk har teke kontakt med om dei har trunge hjelp eller veiledning.

- Å ta plass og seie kva ein meiner kan vera skummelt, men eg klarar ikkje å la vera. Eg klarar ikkje å ti still, smiler ho.

- Det er viktig å tørre å stå opp for kva ein meiner, seier Berit. Viktig å vera ekte. Hadde eg for eksempel prøvd å vera «Helsesista» hadde eg vorte gjennomskua med ein gong, ler ho.

- Det er mykje posering og fasade, og det er veldig slitsamt å ha ein fasade. Eg er ei grå mus og det trivs eg med, seier Berit og smiler.

Engasjert

Utsikt frå Torhøtta.

Som helsesjukepleiar har Berit nok å henge fingrane i. Spedbarnskontrollar, vaksinasjonar, pubertetsundervisning og samtalar.

- Det er så mykje eg har lyst til. Eg ser ganske roleg ut, men det kan koke i topplokket av og til altså, seier Berit. Heldigvis er eg god til å delegere og likar å organisere. Så det går bra, seier ho og smiler.

- Det beste med jobben min er at eg blir kjent med så mykje folk. Eg treffer menneske i sårbare situasjonar, og da blir eg ekstra godt kjent med dei, fortel Berit. Ein blir så glad i folk når dei tør å vera seg sjølv og vera ekte. Det viktigaste i verden er at vi skal ha det godt, sant? Og at vi tør å smile med skeive tenner.

Berit Moan Møkkelgård med mannen John Bendik Møkkelgård og barna Ola, Elida og John Gunnar
Powered by Labrador CMS