Åpen Dag med Rindal Pensjonistlag

Te-nyting

Teselskap

Samlinga på Rindal Eldresenter denne torsdagen opna med " Dei gamle fjell i syningom" før ledar Helene Marie Nergård gav ordet til Anna Sæther som tok oss med heilt til det fjerne Austen.

Publisert
Anna Sæther, misjonær og te-elskar

Anna Sæther frå Surnadal har 40 år bak seg som misjonær på Taiwan og flytta heim i 2014. Som misjonær for Misjonssambandet budde ho fleire stader på Taiwan, men mest i store byar, mellom anna hovudstadområdet Taipei som har ca 6 millionar innbyggarar.

Der finn vi skyskraparen Taipei 101, Taipei Financial Center, som har 101 etasjar over jorda og 5 under jorda, kunne ho fortelje. Sidan det ikkje er uvanleg med jordskjelv der, så har bygget spesielle innretningar som skal sikre det. (sjå Wikipedia)

Sæther arbeidde både i menigheitene og i radiokanalen Voice of Salvation som har 6 program kvar dag i veka. Ho saknar Taiwan, men mest folket. Dei siste åra var ho einaste norske misjonæren der.

Eldresentret som Tehus.P

Te-trekking er fin kunst, livsstil og kultur, slo ho fast.

Teplantasje og det kinesiske teiknet for te.

For hovudemnet for Åpen Dag var så klart te! Det bar heile rommet sterkt preg av. Borda var dekte med mange av te-servisa frå samlinga til Anna Sæther på fine dukar.

Eitt av dei fine te-sevisa.
Anna Sæther haustar te.

Anna Sæther la levande engasjert ut om te-kulturen og om helseeffekten av te. Kåseriet var illustrert med kreative bilde på storskjermen.

Seremonien er i gang!

Ho opplevde tidleg kva plass te hadde hos folk på Taiwan. Når ho kom inn i ein heim var det naturleg for henne å seie "god dag." Da kunne ho bli møtt av eit "versågod, ein kopp te!"
Te først - vent litt, det skaper ro over møtet!

Lukte
Føle
Smake

Te er jo den mest vanlege drikken i verda, nest etter vatn.

- Te dehydrerer ikkje kroppen slik som kaffe.
- Tedrikking har stor verknad på hjernefunksjonen.
- Te gir god helse og godt liv, det er antioksydantar i grøn te, mest i kvit te.
- Tre koppar te om dagen reduserer risiko for hjerte- og karsjukdommar.
- Te hindrar vektauke.
- Te reduserer kolestrol.
- Sunt for tennene, i følge forskning frå -90-talet, for te inneheld fluor.
- Te hjelper oss til å glømme problem og bli meir medgjerlege, godt for ekteskapet.
- Te sinker aldringsprosessen (noko kåsøren sjøl var eit godt eksempel på!)

Anna likte best den raude teen.
Slik serverer du Olanga-te.
Tekanner.

- Det er sælebot å verme hendene rundt ei te-kopp og sippe te og, ptu - ptu, spytte ut rester av teblad.

Te først, så kaffe og brødskive.
Taiwansk husflid.

Anna Sæther bestemte seg for å studere te - dyrking, produksjon og servering før ho drog frå Taiwan, og det ville ho gjerne dele med oss.

Tesmaking

Vi fekk høre om ulike te-sortar og kva som skil dei før vi fekk servet olong-te frå Taiwan i dei flotte te-servisa som borda var dekte med.

Trass i grundig gjennomgang av korleis te skal serverast, lydde overgangen til dagens te-servering:

- Te e så lite nøye att dokk må gjærra det akkurat så dokk vil!

Etter ønske frå publikum fekk fleire eit lynkurs i kinesisk som visstnok har over 40.000 teikn/bilde, men ingen vart utlærd! Sjøl hadde Anna fått høyrd at det er verst dei første 40 åra. Ho var glad for å ha fått lært så pass mykje av eit språk som gjeld 1/5 av folka på jorda.

Fredeleg Teaparty!

Anna Sæther hadde te-selskap for Senioruniversitetet for indre Nordmøre tidleg i vår. Reportasjen frå dette selskapet delte ho på sosiale media, og det førte til at ho fekk sendt ny forsyning med te frå Taiwan!

Teselskapet.
Takkegaven vart overrakt med begge hender på taiwansk vis.
Engasjerte lyttarar
Powered by Labrador CMS