Gudsteneste med søskenbarnbarnedåp i Rindal kirke

Dåpsbarn med foreldre og fadrar
Dåpsbarnet Johan Hoston Røøyen med sokneprest, foreldre og fadrar.

Barnedåp i Hostovatn

Denne søndagen vart to søskenbarn døpt med vatn frå Hostovatnet i Rindal kirke. Begge mødrene er frå Hoston. Preika handla om den gode gjetaren, og det eine dåpsbarnet får i alle fall prøve gjeting i kvardagen med over 150 vaksne sauer i fjøset i Lauvlia.

Publisert Sist oppdatert
Dåpsbarnet med prest, foreldre og fadrar.
Dåpsbarnet Sverre Hoston Nannestad med sokneprest, foreldre og fadrar.

Størst verdi

Borna er verdfulle for oss, og det ligg til oss at me vil gje dei det beste. Den største verdien me kan formidle til dei minste – og til kvarandre! – er ikkje til å kjøpe men til å tru. Endå til er den gratis.

I preiketeksta for 3. søndag etter påske er tema Jesus som den gode gjetaren. Alt tilseier at han har rett i dette. Slik vart det forkynt i Rindalskyrkja søndag:

 

Johannes 10, 11-18. Den gode gjetaren

Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. For han er leigekar og har ikkje omsorg for sauene.

Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene. Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli éin flokk og éin gjetar.

Far elskar meg fordi eg set livet til så eg kan ta det tilbake. Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det tilbake. Denne oppgåva fekk eg av Far min.

Lene Gåsvatn i kordøra i Rindal kirke.
Sokneprest Lene Gåsvatn inviterer til barnedåp.

Dei fleste av oss veit litt om korleis det er å ha ansvar for små born. Nokon gonger seier me at dei må gjetast. Me må hjelpe dei å passe seg for vegen, ungå for vidløftig klatring og rett og slett vera proaktive i forhold til alt som er farleg og alt som skal til for at dei skal vekse opp utan for mykje blåmerker og bleiesår, samt begrense inntak av skjerm og ultraprosessert mat.

Og så var det noko meir som ligg til foreldreansvaret, noko meir enn rett stimuli, sunn mat og beskyttelse mot det som er farleg: Me har ansvar for å overføre verdiar til borna våre. Og dei største verdiane me kan overføre til neste generasjon er så langt meir enn det siste og nyaste av alle ting dei måtte ønske seg, dei dyraste ferieturane og den finaste bilen den dagen dei fyller 18.

De kan ikkje sjå for stort på verdiane de har fått sjølve. Verdiane som går på å ha evne og vilje til omsorg, evne og vilje til å bruke tid i lag med borna, tid til å høyre korleis dei har det og visdom til å leie dei gjennom små og store kriser.

Og så ser me det, når me liksom skal vera foreldre, vaksenpersonar, eller kall det gjerne hyrdingar – at me treng hjelp sjølve. Me treng våre pauserom og våre vasshol for å ause opp og hente energien me er sett til å formidle vidare. For igrunn er det ein ubetinga fordel å sjølv inneha verdiane som me skal formidle til andre. I motsatt tilfelle blir me garantert gjennomskua.

Ta for eksempel noko så enkelt – og samtidig vanskeleg – som å be om tilgjeving. Det er forferdeleg vanskeleg å vera foreldre som skal lære borna sine om dette, om dei ikkje får seg til å gjera det sjølve. Korleis skal borna lære å inrømme feil og feilsteg om ikkje foreldra får til såpass?!

Kva har me så å hente som me skal formidle vidare? Eg var nettopp innom det:

Slik eg ser det, er den største verdien me har i vår kristne tru, dette at tilgjeving finst. Tilgjeving og ny start. Herrens nåde er ny kvar morgon, og det skal jommen til også! Det gode fordriv det vonde, kjærleiken som er sterkare enn døden vinn over undergangen, lyset er langt sterkare enn mørkret.

Så altså: Det me fekk i Jesus Kristus, gjennom at han kom og levde her, at han vart ofra for all menneskeleg synd og skuld og at han vann over både død og djevel med å stå opp att ifrå døden påskedag – det er det beste me har fått her i livet.

Og dette nye livet har Johan og Sverre byrja på i dag, godt understøtta av Guds heilage ande. Født på nytt til eit evig liv med Jesus – det er ikkje lite til gåve!

Og Jesus er sjølv hyrdingen for oss alle. Han vil vera det, og det er nok best at det er slik det blir.

Hans måte å gjera det på, er å gå – som me så fint seier det: ALL IN. Koste kva det koste vil å vera hyrdingen vår, han tek det bokstaveleg talt på si kappe.

I nokon av salmane me syng her i dag, handlar det om å rote seg bort. I dåpssalmen song me om at me ofte går oss vill på vegen gjennom livet. Og det kan så vera. Men om så skjer, så har me ei forteljing som ligg i dette at me er døypt: Eg høyrer Jesus til. Og denne Jesus kallar oss tilbake og står med open favn når han seier det.

Dette er verdiar å ta med seg både for sin eigen del og formidle vidare: Jesu favn, eller favntak, er alltid ope. Me kan aldri stelle oss så dumt at me ikkje kan koma heim til Jesus med det som er vondt og vanskeleg. Aldri!

Salmen etter preika har eg valgt ut fordi eg veit det er storesyskjen her. Me skal synge om ein trufast gjetar som teller lamma sine. Og når han oppdagar at det er eit som er borte.

Kva gjer han så? Jau, han går ut og leitar etter det, finn det, og endå til lagar han til fest for å feire at lammet er funne att.

Slik er Jesus, gjetaren vår. Han gjev oss alt me treng både i liv og i død. Me får det fullstendig gratis berre av nåde. Og han ynskjer å vera gjetaren vår og støttespelaren vår gjennom heile livet.

Det er litt av nokon verdiar å ta til seg. Og litt av ein rikdom å formidle vidare til nye greiner av slekta. De må gjerne koma tilbake til kyrkja og menigheita undervegs – me er her for å dele ansvaret med dykk.

Organist Rønny Kjøsen ved harmoniumet.
Organist Ronny Kjøsen brukte både trøorgelet og flygelet under gudstenesta og avslutta med Louis Jacobys vise Hverdag, særleg til småbarnsforeldre, men også til oss alle som har levd eit liv med barn i huset.

Klikk på merket øvst til høgre på bilda for å sjå dei større!

Powered by Labrador CMS