Festmåltid

Ete i lag

- Å ete i lag ved eit langbord gir ekstra samhald, sa ordførar Vibeke Langli da ho ønska gjestene velkommen til «Langbord for eldre» på Rindal Helsetun.

Publisert
Festbordet ferdigpynta og alt er klart for å opne døra for gjestene
Ann Elin Brønstad avsluttar pyntinga med å tenne lysa

Det var Trøndelag Sørvest, Lakseregionen som inviterte til "Langbord for eldre" på Rindal Helsetun i dag. Under og etter pandemien har det vore begrensa muligheit til å delta på sosiale sammenkomstar, og det var ein svært fornøgd flokk som samla seg rundt langbordet til eit 3-retters festmåltid.

Forretten er servert!

Langbordet kom i stand som eit samarbeid mellom seks kommunar, frivilligheita, næringslivet representert ved sponsorane Salvesen & Thams, Hemne Sparebank og Frøya-laks fra SalMar og Trøndelag Sørvest, Lakseregionen.

Menyen som låg på bordet viste at eit mektig, velarrangert måltid låg framom gjestane.

Eit svært velsmakande treretters måltid vart servert. Heile menyen og alt tilbehøret bestod av råvarer frå lokale produsentar og speglar mangfaldet av lokalmat i regionen.

Klikk på pilane i øverste høgre hjørne og sjå smakfulle bilde av alle tre herlege rettane!
Klikk på pilane i øverste høgre hjørne og sjå smakfulle bilde av alle tre herlege rettane!
Klikk på pilane i øverste høgre hjørne og sjå smakfulle bilde av alle tre herlege rettane!
Blomsterpynten på bordet var levert av Bunnpris

Rettane var laga av dyktige kjøkenfolk under leiing av kjøkensjef på Rindal Helsetun, Anne Marthe Sogge. Frivillige frå Frivilligsentralen stod for dekking av bord og nydeleg pynt, og for servering og rydding.

Alle kokkane som er involverte i arrangementa har vore på arbeidsmøte der dei sette opp menyen og plukka ut råvarene.

Ved valg av av råvarer er det lagt stor vekt på helse, sunnheit, sykdomsførebygging og matglede.

Med sine 99 år var Jenny Elshaug eldste gjest. Her sit ho i lag med Ildri Heggem.
Arnfinn Løfaldli
Anna Jorunn Halgunset gler seg over festmåltidet!
Tora Oppsal og Klara Ness er klar for hovudretten

- E et aillt så e grønt, sa Arnfinn (til høgre), - alle rettane var pynta med både grønt og med fargerike blomster.

Det var ikkje alle som hadde hjerte til å ete opp den fine, fargerike blomsteren som pynta rettane.

I går og i dag var det liknande arrangement i Orkland, Skaun, Heim, Hitra og Rennebu i samband med at Trøndelag er europeisk matregion (European region of gastronomy) i 2022.

Det er i alt 705 personar i kommunane Orkland, Skaun, Heim, Hitra, Rennebu og Rindal som er inviterte til i alt ni langbord i dei seks kommunane i løpet av to dagar.

Helse- og omsorgsledar Grete Ranes Heggen, Kirsti Selstad, utviklingsrettleiar for mat- og helseprosjektet hos Trøndelag Sørvest, Lakseregionen, og ordførar Vibeke Langli.
Dei frivillige sørga for at alle kom på plass, og dei hjelpte også til med serveringa
Grete Ranes Heggen takka alle på kjøkenet og hjelparane frå Frivilligsentralen for innsatsen, og gjestane gav dei alle ein varm applaus, gode og mette som dei var!
Powered by Labrador CMS