ANNONSE, LEDIG STILLING:
Avdelingsleiar i Bu- og aktivitetstenesta - vikariat
Avdelingsleiar, vikariat i 100% stilling
Vi ledig vikariat som avdelingsleiar i 100% stilling frå mai 2026 og i omlag eit år.I Bu- og aktivitetstenesta er det for tida sju ulike bufellesskap og eit aktivitetshus. Til vikariatet som avdelingsleiar ligg ansvar for to av bufellesskapa. Vi ser etter ein tydeleg, engasjert og fagleg sterk leiar som er samlande og som har evne til å skape tillit, solide tenester og gode resultat. Stillinga har dagarbeidstid.
Arbeidsoppgåver:
Fag-, drifts- og personalansvar
Bidra i utviklinga av tenesta innafor budsjettramme
Sikre eit godt tverrfagleg samarbeid for å skape heilheitlege tenester
Kvalitets- og utviklingsarbeid
Ansvar for fagsystem og elektronisk turnusverktøy
Saksbehandling og kartlegging av tenestebehov
Vere aktiv bidragsytar i eininga med fokus på godt samarbeid med pårørande/verger, kollegaer, tillitsvalde og verneombod
Dette er arbeidsoppgåver som f.t. ligg til stillinga. I tillegg kjem oppgåver som kan bli lagt til frå næraste overordna.
Kvalifikasjonar:
Stillinga er aktuell for vernepleiarar eller sjukepleiarar med norsk autorisasjon eller andre med relevant utdanning.
Det er eit fortrinn å ha leiarerfaring. Du er mål- og resultatorientert og har god munnleg og skriftleg framstillingsevne, med god kunnskap om bruk av elektroniske turnusprogram og er interessert i bruk av velferdsteknologi og har solid digital kompetanse.
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Personlege eigenskapar og fortrinn vi legg stor vekt på:
Vi ser etter deg som har engasjement og evne til å inspirere og motivere. Du har gode samarbeidsevner og ønske om å vere ein aktiv pådrivar til å bygge og oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.
Du er handlekraftig og evner å ta utfordringar. Som leiar er du god til å delegere, rettleiie og vidareutvikle medarbeidarar og bygge gode team.
Søknadsfrist 25.01.2026