ANNONSE, LEDIG STILLING:
Tilkallingsvikarar reinhald
Teknisk drift søker fleire tilkallingsvikarar på reinhaldssida.
I det å vere tilkallingsvikar ligg at du kan stille på kort varsel eller gjere ein avtale om arbeid ved kortvarige sjukefråvær i eininga.
Reinhald i kommunale bygg skjer i all hovudsak på dagtid.
Ønska kvalifikasjonar/kompentanse:
- Fagbrev som reinhaldsoperatør er eit fortrinn, men alle søknader blir vurdert
- Erfaring frå arbeid med reinhald er ønskeleg
- Du bør ha førarkort kl.B
- Du må kommunisere godt på norsk, både skriftleg og muntleg
- Ha grunnleggande kunnskap i bruk av iPad og PC
Vi ser etter deg som:
- Har interesse for reinhald og er nysgjerrig på reinhaldsfaget
- Kan arbeide sjølvstendig men som òg trivst som del av eit team
- Er fleksibel og tek ansvar i lag med andre
- Er omstillingsdyktig og taklar endringar i avtale arbeidsplan
Vi tilbyr:
- opplæring og veiledning
- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø
Tilfredsstillande politiattest (ikkje eldre enn 3 månader) må leggast fram for arbeid med reinhald der det er krav om slik attest.
Søknadsfrist: 28. februar 2026