Øye & Ranes kyrkjer feirer 150 års jubileum

Laurdag 19. juni hadde Øye kyrkje besøk av teatergruppa «Ryfylke livsgnist» med forestillinga «Haugespor -skaperånd, spetakkel og strikkepinnar».
Eit jubileumsspel i Hans Nielsen Hauge sine fotspor - 250 år etter hans fødsel. Ryfylke Livsgnist presenterte eit historisk og humoristisk skråblikk på haugianismen 250 år etter Hauge sin fødsel. Vi fekk bli med tilbake til perioden 1796 - 1842 og oppleve kva som skjedde i bygd og by, med ein hyperaktiv, strikkande Hans Nielsen Hauge i front. Lek og lærd, styrande kvinner og myndige menn, bønder og handelsfolk, biskop og lensmann, alvorstynga predikanter og lystige haugianarar.

Søndag 20. juni var det duka for jubileumsgudstjeneste i Øye kyrkje der både Biskop Ingeborg Midtømme og Prost Leif Endre Grutle deltok i lag med vår eigen Prest Vidar W. Rygh.

Ei flott helg for å markere 150 års jubileet vårt.

Powered by Labrador CMS