Bygg av stolper og spiler med mennesker sittende på møbler inne i
Den nye pergolaen teken i bruk.

Pergolaen ved Surnadal sjukeheim offisielt opna

Venneforeninga ved Surnadal sjukeheim, som i mars skifta namn frå Pårørandeforeninga, har ved hjelp av innsamla midlar og dugnadar, fått sett opp ein pergola ved Surnadal sjukeheim.

Publisert

I strålande sommarvêr og sol, var det tysdag offisiell opning av den nye pergolaen. Venneforeninga håper pergolaen blir til stor glede for bebuarane, pårørande og dei tilsette ved Surnadal sjukeheim 

Ein pergola er eit byggverk av stolpar eller søyler som er overbygd med stokkar eller bjelkar lagt med opne mellomrom, som regel meint å bli overgrodd av slyngplanter og liknande. Ein pergola kan til dømes brukast til lysthus, og er ofte bygd i tilknyting til bygningar.

Fremme bulyst på sjukeheimen 

Det var Britt May Hollås og Oddny Hoem som stod for den offisielle opninga av den nye pergolaen. Dei kunne fortelje at bakgrunnen for å bygge pergolaen var for å fremje bulysta for bebuarane på sjukeheimen. Dei to damene sit båe i styret i venneforeninga, og har i tillegg med seg Gurå Fiske Strand. 

To menn i arbidsklær og tre damer med glass i hendene i og foran et bygg med spiler og stolper
Offisiell opning – F.v. John Christian Sogge, Sivert Magne Honnstad, Rita Svorken, May Britt Hollås og Oddny Hoem.

Julegåve frå dei tilsette på Pipelife var spiren 

Dei tilsette på Pipelife i Surnadal gav julegåva si sist jul til Venneforeninga, noko som vart spiren for å få bygd den nye pergolaen. 

– Vi ville bidra til noko positivt, sa Sivert Magne Honnstad og John Christian Sogge frå Pipelife under Opninga.

I tillegg til gåva frå Pipelife så har venneforeninga fått førti tusen frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank, og Talgø MøreTre har sponsa alle materialane.

Steinar Skrøvseth har stått for gravearbeidet, medan Ronny Kvande har støypt platten.

Bygginga av pergolaen gjort på dugnad 

Oddny Hoem har vore prosjektleiar for bygginga av pergolaen, som er teikna av Reidar Bele. Sigurd Strand har vore byggeleiar. Han har hatt med seg Olav Mogstad, Jostein Aune og Per Helge Bævre på snikkararbeidet.

Strand hadde kappa alle materialane heime, så dugnadsgjengen brukte berre to kveldar på å få bygd ferdig den nye pergolaen.

Mennesker som sitter i et bygg av stolper og spiler
Ny pergola

Stor takk til alle som har bidrege, og oppfordra alle til å seie ja! 

Hollås og Hoem takka alle bidragsytarane for bidraga gjennom gåver, sponsing og dugnadar, noko som har gjort bygginga av den nye pergolaen mogleg. «Utan desse bidraga hadde dette ikkje vore mogleg», avslutta dei to.

Venneforeninga har som sagt berre tre styremedlemmer, og både Hoem og Hollås kom med ei klar oppfordring til alle om å seie ja om dei blir spurt om å vere med å hjelpe til med trivselstiltak for bebuarane på sjukeheimen!

Powered by Labrador CMS