Aktivt skogbruk

Kursgjengen: Ingebrigt Landsem - instruktør, Ola Gåsvatn, Oddvar Børset, Marit Gåsvatn, Lars Gåsvatn og Jon Gåsvatn - skogeigar.

- Hald ti saga med begge hend’ lik ens så når du dansa

Lørdag var Trollheimsporten invitert på skogkurs med Ingebrigt Landsem og fire elevar, ei koronagruppe. Ingebrigt er instruktør i «Aktivt skogbruk» og har halde i snitt 25 kurs årleg i heile Midt-Norge i fleire ti-år, men det er lenge sidan han har hatt kurs i Rindal.

Publisert Sist oppdatert
Demontering av motorsag.

Dette kurset kom igang etter at Jon Gåsvatn spurte etter kurs for ungdomane sine som var interesserte i å lære meir om skogsdrift og bruk av motorsag. Gåsvatn tok kontakt med Ole Johan Skjærli, rådgjevar i skogbruk i Rindal kommune. Skjærli kontakta ledar i Rindal skoglag, Jo Rønning Langli, som sørga for at kurset kom igang.

Vedlikehald av motorsag.
Filing av sagkjede.

Vi møtte kursdeltakarane først i verkstaden til Jon Gåsvatn, eit perfekt kurslokale for denne gruppa. Der øvde dei på kvistingsteknikk med ei motorsag utan motor og kjede, etter at dei tidlegare hadde plukka motorsaga frå kvarandre og lært seg teknikken og vedlikehald av saga.

Kurset består av 7,5 t stell og vedlikehald av motorsag, og 15 t hogstteknikk.

Slik ser "stammen" som skal "kvistas" ut.
Oddvar var førstemann ut i "kvistinga".

Her var det drilling på kvisting ved bruk av små treknottar (kvistar) festa på eit rør (stammen) med borrelås.

Ivrige og klare til innsats.

- Drill te dokk mesta kasta opp, sa instruktøren.

- Hald ti saga med begge hend’ lik ens så når du dansa, elles he du ittj kontroll, forkynte han vidare.

(Klikk på bilda som har lupe for å sjå dei større på PC)

Stemninga var munter og uanstrengt.
Grunnreglar

Kvistinga gjekk etter 6-sonemetoden. Stammen blir delt opp i korte seksjonar som så blir delt i 6 soner. Kvar seksjon er så langt ein kan nå utan å flytte beina, kan vi lese i kursboka deltakarane fekk.

Kvisting.
Kvisting.

Det var tydeleg at Ingebrigt Landsem hadde lang erfaring med instruksjon, og han viste stor pedagogisk innsikt med dei rosande kommentarane sine. Dei gjekk rett inn!

-Det e så nere perfekt at du væt ittj det!

Viktige fordeler med Aktivt Skogbruk:

  • Veiledning på en praktisk måte (også teorien)
  • Få deltakere: vanligvis 5-8

  • Høy kvalitet på kurs og dyktige, autoriserte instruktører

  • Kursbok og kursbevis til deltakerne

  • Korte målrettede kurs

  • Lokal tilpasning og skreddersying etter deltakernes behov

  • Opplæring nært bosted eller på arbeidsplassen

Applaus etter utført "kvisting".

- Nydele hoftevri! (til Marit!)

- Perfekt!

- Såg dokk ta!

- Nydele!

- Ta det med ro, slow motion!

- Så bra!

- Det e så bra - e he ittj ord!

Når alle tok fatt på tredje runde med kvisting etter 6-sonemetoden vart instruktøren stillare og stillare, - berre rosen hagla! Elevane lærte!

- Dancing Queen! Sjå der, rett med ein gong!

Saga gleid elegant langs stokken og greinene låg strødd rundt skogsarbeidarane!

- Vesst ittj at dokk va så gode dansara, sa Ingebrigt!

- Dæm he nå å likjast på, kom det frå pappa Jon!

Ingen såg det salige gliset til Ingebrigt bak maska.

Standsmessig transport.
Det første treet er felt, og Ingebrigt studerer kuttet.
Demonstrasjon av oppmåling.
Ingebrigt forklarer.

Hva oppnår du ved å gå Aktivt Skogbruk-kurs?

  • Kunnskap til å forvalte skogeiendommen på en bærekraftig måte.
  • Kunnskap om, og bruk av, skogbruksmaskiner og redskaper. Dokumentert sikkerhetsopplæring for bruk av arbeidsutstyr.

  • Forskningsbasert kunnskap om skogskjøtsel og skogbruksøkonomi.

  • Kunnskap om utførelse av skogskjøtsel, og oppfølging av tiltak ved bortsetting av gjøremål.

Etter ein kort matpause, bar det til skogs og verkelegheita.

Gutane praktiserer kvistinga dei har lært.
Snart står grana for fall! Rotstokken var 75 cm og sverdet på saga 13''.
Marit har felt sin første gran, første dagen ho starta ei motorsag!
Gåsvatn
Powered by Labrador CMS