ANNONSE, LEDIG STILLING:

Surnadal kommune sitt kommunevåpen

Tilkallingsvikarar ved Surnadal legeteneste

Har du lyst til å vere tilkallingsvikar ved legesenteret?

Hos oss får du gode arbeidsforhold i fine og funksjonelle lokale, med trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø.

Den faste gjengen vår på seks tilsette er fordelt på ulike arbeidsstasjonar og hjelpepersonellet har ulik helsefagleg bakgrunn. 

Vi har i dag seks fastlegar og ei stilling for lege i turnus (LIS1).

Arbeidsoppgåver:

Resepsjon, administrative oppgåver og dokumentasjonsarbeid

Laboratoriearbeid og prøvetaking

Skiftestue

Andre oppgåver som naturleg høyrer til

Kvalifikasjonar:

Fortrinnsvis autorisasjon som sjukepleiar eller helsesekretær, men andre yrkesgrupper kan bli vurdert

Relevant erfaring frå liknande arbeidsoppgåver er ønskeleg

God digital kompetanse og god muntleg og skriftleg framstillingevne

Tilfredsstillande politattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart som tilkallingsvikar.

Har du godt humør, gode samarbeidsevner og likar ein variert arbeidskvardag, send oss gjerne ein søknad!

Vi minner om at som tilkallingsvikar er det aktuelt å kunne stille på kort varsel.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med einingsleiar Helse og familie, Ann-Elin Stenberg.

Søknadsfrist: 1. oktober 2025

Les meir og søk på Surnadal kommune si heimeside

Powered by Labrador CMS