Arild Skralthaug, her flankert av Jan Ove Solem (t.v.), Øystein Halle (nummer to fra høyre) og Sigmund Aandstad (t.h.), stempla i dag ut etter si siste Pipelife-vakt - 50 år etter at han starta, berre 17 år gammal.

Arild skulle eigentleg bli sjømann - no blir han pensjonist, etter 50 år i Pipelife

26. april 1971, klokka 14.00, starta den då 17 og eit halvt år gamle Arild Skralthaug i ny jobb hos det som den gongen heitte M. Botten AS.

Han skulle berre tene litt pengar, før han skulle gå maskinistskule i Trondheim. Planen var nemleg klar: Arild skulle bli sjømann.

Fredag 28. mai 2021, over 50 år seinare, kan ein trygt konkludere med at Arild ikkje vart sjømann. I staden vart han ein stødig, påliteleg og viktig del av det surnadalske rør-eventyret.

– Ein bauta, seier bærekraftsdirektør og tidlegare Pipelife-toppsjef Kjell Larsen om Arild.

– Heilt spesielt imponerande, seier administrerande direktør Sigmund Aandstad.

– Ein veldig jordnær og «gau» type, seier kollega og tillitsvalt i Industri Energi ved Pipelife, Marius Westlund Monsøy.

Og at Arild Skralthaug har sett spor etter seg i Pipelife er det ingen som helst tvil om. Då han fredag morgon klokka 07.00 stempla ut av fabrikken for aller siste gong, stod om lag 40 kollegar æresvakt og serverte den intetanande, rykande ferske pensjonisten ståande applaus.

– Eg forstod ikkje noko. Øystein (Halle, fabrikksjef, red. anm.) kom og henta meg og sa eg måtte vere med ut fordi nokon ville snakke med meg. Og der stod jaggu meg heile gjengen, seier Arild, som og fekk blomster og gåver frå leiinga og gode kollegaer.

– Eg må overlevere blomstrane heime, for gjer eg ikkje det, går dei mot den sikre død, ler han.

Arild Skralthaug kunne ta en velfortjent slurk med Mozell i champagneglass etter sitt aller siste Pipelife-skift.

– Det har vore eit eventyr

Han slår fast at «Det vart no berre slik» når han skal forklare kvifor det som skulle vere ei kortvarig inntekt, vart til eit heilt arbeidsliv i same bedrift.

– 50 år, det trudde eg ikkje då eg starta. Det har vore eit eventyr, med stadige utviklingar. I starten stod fabrikken om sommaren, og vi var ute på muring, både her i bygda og på Halsa-landet. Spesielt i Grytåfeltet sette vi opp mange hus, for han var jo entreprenør, han Martin Botten. Han stolte på oss – vi var jo berre gutungar, mange av oss, den gongen, og fortsett:

– Det har forandra seg veldig på desse åra. Det var ikkje ei milliardbedrift i starten. Då var det berre så vidt det var ei millionbedrift. Den gongen var det Martin og Jon Einar Botten og ein butikkmann, medan NorBo agenturer i Kristiansund selde røra. Så det har skjedd ting.

Arild fortel at han alltid har trivdest på jobben.

– Ja, eg har trivdest godt. Det har vore ein trygg, god og ikkje minst sikker arbeidsplass. Det har aldri vore noko tull med noko som helst. Har det vorte sett ein dato for når løna skulle kome, har ho alltid kome då, seier Arild.

Kjell Larsen, Arild Skralthaug, Sigmund Aandstad og Øystein Halle.

– Har alltid stilt opp

Administrerande direktør i Pipelife, Sigmund Aandstad, takka Arild Skralthaug for formidabel innsats, og ønska lykke til med livet som pensjonist.

– Arild blir nok både den første og siste med 50 år i Pipelife, det er heilt spesielt, og ein rekord som er vanskeleg å slå, smiler Aandstad, og legg til:

– Det er artig å høyre Arild fortelle om forskjellane frå 50 år sidan til no – det er jo noko heilt anna no, på alle måtar. Og Arild har vore med på heile denne reisa, det er imponerande.

Kjell Larsen kjenner Arild godt, både gjennom arbeid og utanfor. Han har berre godt å seie om den nybakte pensjonisten.

– Arild har vore ein stødig og lojal tilsett, som alltid har stilt opp. Han har ført med seg mykje god historie og kultur gjennom alle dei år, så han har vore ein bauta frå han kom til M. Botten og til han går ut no, som Pipelife-tilsett. Eg håpar Arild får gode dagar framover, som pensjonist. Det fortener han, seier Larsen.

Marius Westlund Monsøy og Espen Skralthaug var blant kollegane som møtte opp for å takke av Arild fredag morgon.

– Alle her på Pipelife kjenner og likar Arild, smiler Espen, som sjølv kjenner Arild best utanfor jobbsamanheng, ettersom Arild er søskenbarnet til far til Espen.

– Han er veldig artig, ein snill og grei type. Eg har aldri sett han sint, han er berre triveleg. Det står respekt av at han har vore her i 50 år, seier Marius.

Arild og dei om lag 40 kollegane, som møtte fram for å heidre han etter 50 år som Pipelife-tilsett. I framste rekkje f.v.: Jan Ove Sole, Kjell Larsen, Arild Skralthaug, Sigmund Aandstad, Øystein Halle og Marius Westlund Monsøy.

Blir ikkje arbeidslaus

Og hovudpersonen sjølv, han har mykje på agendaen når han no blir pensjonist.

– Eg blir ikkje arbeidslaus, nei. Eg held på med taket på gamalhuset, og så har eg ei forferdeleg stor «vearæs» liggande, ler han.

Arild innrømmer likevel at det blir spesielt å ikkje skulle stemple inn på Pipelife som tilsett igjen, 50 år etter at han som 17-åring berre skulle tene litt pengar før maskinistskulen.

– Det blir nok veldig rart i starten, ja. Ein eg snakka med i går sa det var rart i starten, men at det berre vart betre og betre å vere pensjonist, seier Arild, og set sin lit til det.

Arild går ut gjennom Pipelife-porten etter skift for siste gong. No ventar taket på gammalhuset og vedarbeid for 67-åringen.
– Det blir nok veldig rart i starten, ja, seier Arild om livet som pensjonist.
Powered by Labrador CMS