Tett mellom høgdepunkta på «gaukvellj» i Trudvang
Fredag og laurdag inviterer Surnadal Konseptutvikling (SKUV) til «gaukvellj» i Trudvang på Surnadalsøra. Og vi kan berre fastslå det først som sist, her er det tett mellom høgdepunkta. Her får ein sett litt av det som skjer i kommunen vår, med litt skrå auger!
Frå scena leverer Gøran Bolme, Nils Inge Aasgård, Kristian Nerland, Svanhild Husby, Line Indergård, Olav Mogstad, Øyunn Aune, Eirik Nordvik, saman med vokalistane Pål Sæther og Gunn Astrid Hove, det eine høgdepunktet etter det andre, med sjølvskrivne tekstar og mange sjølvskrivne melodiar.
Musikarane Rolf Paulsen, Gunn Astrid Hove, Erkki Morten Klami, Gard Rognskog Nødset og Torbjørn Kvande «krydrar» det heile musikalsk på ein glitrande måte.
Tekstforfattarane er Olav Mogstad, Line Indergård, Nils Inge Aasgård, Øyunn Aune, Svanhild Husby og Gøran Bolme, medan Rune Dalager, Svanhild Husby og Karstein Mauset har skrive melodiar til somme av tekstane.
I første akt, får ein etter opningssongen i tur og orden stifta kjennskap med innslag om «Temu», «Dr. Nordvik», «Yogamusa», «Skummelt», «Dugnadsånd», «Snømennene» og «Surdeigskurs I». Teksten til opningssongen er skriven av Olav Mogstad.
Ein får også høyre den fine duetten «Når e møtt de fær første gång», skriven av Øyunn Aune og Karstein Mauset, framført av Pål Sæther og Gunn Astrid Hove.
Sjølv om alle numra i første akt held høgt nivå, så er spesielt «Dr. Nordvik», skrive av Nils Inge Aasgård og «Yogamusa», der Svanhild Husby har skreve tekst og melodi, akta sitt høgdepunkt.
Hos «Dr. Nordvik» møter ein ein pasient som har ein mistanke om at kona er utru i samtale med fastlegen sin, der det nok er meir snakk om økonomi enn helsefaglege spørsmål.
I «Yogamusa» møter vi nokre damer som har bestemt seg for å begynne å trene Yoga på det lokale treningssenteret, med kjent instruktør.
I andre akt blir ein nærare kjent med «Tipstelefon», «Surdeigskurs II», Incaholic», «Tropisk fåggel», Stavganggruppa og «Dagen-derpå».
I andre akt får ein to fine duettar med Pål og Gunn Astrid i songane «Trudvang» (Judge tenderly of me) og «Færælska» (I`m so exited), der Øyunn Aune har skrive tekst til båe melodiane.
Også andre akt held høgt nivå, men her må vi like vel nemne «Stavganggruppa», skrive av Olav Mogstad, og ikkje minst «Dagen-derpå» skrive av Nils Inge Aasgård og Gøran Bolme.
I «Stavganggruppa» får ein ei grundig og godt dokumentert oppsummering av ein av Pensjonistforbundet Surnadal sine stavgangturar.
I «Dagen-derpå» møter vi Jesus som ikkje er heilt sikker på kva han har gjort i ei ganske fuktig påske. Men det kjem etter kvart fram at han i alle fall hadde vore i Todalen og møtt brødrane Sand.
Ein flott og artig «gaukvellj» blir avslutta med ein fin avslutningssong, der Svanhild Husby har skrive både tekst og melodi.
Ut frå opplevinga i generalprøven kan ein trygt seie at «gaukvellj» i Trudvang er ein gau kveld, der latteren sit laust og trivselsfaktoren er høg. Det er berre å gratulere SKUV-gjengen og ønske publikum god fornøyelse!