Juletrefestar i Rindal

salen med gospelgruppa

Trettandagshelga i Rindal

Trettandagshelga var det to juletrefestar i Rindal. Trettandagen i Lomundsjø bedehus og søndag i Rindal Menighetshus.

Publisert Sist oppdatert

Lomundsjø bedehus har tradisjon for gjerne å invitere utanbygds songkrefter og talar. I år var det Jostein Landrø frå Mjuklia, Rennebu og gospelgruppa WeB (WeBelieve) frå Melhus som var gjestar. Jon Gåsvatn leda festen.

gospelgruppa opptrer med song, saksofon og keyboards
Gospelgruppa WeB frå Melhus
Jostein Landrø med børtreet

Landrø tok i talen sin utgangspunkt i eit trestykke han viste fram. Det var laga av ei bjørk som hadde hatt ein hard oppvekst og vorte nokså krokut oppe i ei li. Den som fann ho såg potensialet i den. Det vart eit solid børtre som han kunne lette børa si med.

Moralen var at ein kan bli til noko brukbart om ein får ein dårleg start. Børtreet letter børene slik vi skal lette børene for kvarandre. 

"Bær børene til kvarandre." Galatarbrevet 6.2.

Gospelgruppa WeB

Gospelgruppa Web stilte med 13 vaksne karar og hadde to fyldige avdelingar med song akkompagnert av to keyboard, saksofon og blokkfløyte, og eigen lydmann. Det var ikkje første gongen dei var på Lomundsjøfesten, og det er lett å forstå at dei fekk ny invitasjon. 

Dei delte ei rekke gospelinspirerte songar med oss, og mange av dei hadde soloinnslag. Det var mesta så vi fekk to konsertavdelingar.

loddkjøp
Stor utlodning, nærmast basar, hører med til juletrefest på Lomundsjø! Her sikrar Gunnar seg lodd og håpar på gevinst.

Mellom avdelingane var det servering frå eit velfylt kakebord, sjølsagt med mølsgraut!

Gunnar vann ikkje, så Trollheimsportens skribent delte av gevinsten sin
gang kring juletreet
Jan Sturla Jensvold spela til songen rundt juletreet

Den coutryinspirerte låten Let me be there er innspelt av både Olivia Newton-John 

og Elvis Presley. Opptaket gjev ikkje rett lydbilde av koret.

juletre og folk ved bord
Samling rundt juletreet på Rindal Menighetshus

Rindal Menighetshus

På Rindal Menighetshus på søndag var det sokneprest Lene Gåsvatn som hadde talen.

Korleis er det eigentleg å bli født?

Alle me som er her, har prøvd det. Me er født, me byrja å puste, fekk mat, reine bleier og varme, og me vaks opp.

Slik var det for Jesus også. Men det er noko rart med Jesus. Han hadde vore med Gud, med far sin i himmelen, like ifrå før verda vart skapt. Og så vart han planta som eit frø i Maria sin mage og vart menneske. Gud og menneske i same person, altså.

Jesus er så mykje Gud at han kan gjera under, forkynne om at himmelriket er nær, tilgje folk synder og endå til lova forbrytarar ein plass i himmelen. Slikt har aldri skjedd før.

Og så er Jesus så mykje menneske at – ja, han blir født på normal måte under unormale omstendigheiter: Blant dyra i stallen. Det seier sitt om å vera liten og utanfor det gode selskap.

Jesus er Gud som kjem til verda. Og Jesus er menneske, som ein bror av oss. Og difor kunne han bli den han vart og vera den han er: Ein av oss som hjelper oss – bokstaveleg talt i liv og død.

Gjennom alle tider har folk tenkt og forska på kva dette betyr, dette at Gud kom til verda som eit lite barn, født i ein stall. Me kan gjera oss store tankar om dette, om liv og død og saligheit.

Eller me kan bokstaveleg talt ta det ned og gjera det til vårt.

Korleis skal me kunne lata Jesusbarnet, der han ligg nyfødt i ei krubbe, til vår eigen?

I jolesongane har me fått mange fine ord og melodiar til hjelp. Songane som set ord på kva det handlar om.

Ta for eksempel songen

Mitt hjerte alltid vanker i Jesu føderom,
der samles mine tanker som i sin hovedsum.
Der er min lengsel hjemme, der har min tro sin skatt;
jeg kan deg aldri glemme, velsignet julenatt.

Nokon av dykk tok fram jolepynten då det vart advent, eller kanskje endå før. Hjå oss gjorde me det vesle jolaftan, og me har den framme til 20. dag jol. Me treng såpass, og etter tre veker er me igrunn forsynt.

Me pakkar ned att nissar, englar, juletrekuler og julekrubba. Så får dei vera på mørkloftet til neste jol. Men om Jesusbarnet i krubba, altså julekrubba, ligg på mørkloftet, så er det ikkje der Jesus befinn seg året igjennom, eigentleg.

For mange av oss som har lært om Jesus, kjenner på at der, i Jesu føderom, der samlast tankane våre som i ein hovedsum – året igjennom.

Og så skal eg til slutt sitere favorittverset mitt, som seier alt om kvar Jesus ynskjer å bu: I hjartet vårt. Med alt sitt av kjærleik og nåde som han vil gje oss.

Det er eit eineståande tilbod å kunne ta imot Jesus slik at han kan bu i hjartet vårt, - som det er skrive på ein litt gamaldags måte av ein Hans Adolph Brorson som skreiv det for nesten 300 år sidan:

Akk, kom, jeg opp vil lukke mitt hjerte og mitt sinn
og full av lengsel sukke: Kom, Jesus, dog herinn!
Det er ei fremmed bolig, du har den selv jo kjøpt,
så skal du blive trolig her i mitt hjerte svøpt.

Jesus vart svøypt, altså pakka rundt, og lagt i ei krubbe.

Og me, me kan lata hjarta vårt og hovedsummen av tankane våre vera plassen der Jesus kan leva.

Han kan leva i hjarta vårt. Eller vera svøpt der, som Hans Adolph Brorson seier.
Det går vel ut på det same.

Dagrun Løset akkompagnerte med sprudlande tonar frå pianoet songen rundt juletreet, og Berit Moan Møkkelgård leda festen.

Folk går rundt juletreet
Store og små i ring kring juletreet.
Mor Berit med tre barn jobber med konkurransen
Konkurranse engasjert både store og små

Bjarne Nordlund hadde laga bordkonkurranse som engasjerte alle aldrar, men "seniorlaget" måtte gje tapt for dei to andre laga som hadde sterke yngre krefter med seg og var mest oppdaterte på barne-TV. Det vart pallplass på alle tre laga, med 0,5 poeng mellom dei to beste.

Berit leda ein fartsfylt og engasjerande "hentekonkurranse".

Berit leda ein "hentekonkurranse" der to lag kom likt ut etter å ha henta fram ulike gjenstandar frå salen.

lita jente i full fart, uklår!
Full fart for å hente noko i "hentekonkurransen".

Tek vi med at det var kaffe og kakebord, så ser vi at dei tradisjonelle juletrefestane framleis lever.

Julegaver/gevinstar under juletreet
Til slutt var det trekning på av julegavene som låg under treet pluss nokre fleire gevinstar.
Powered by Labrador CMS