LESARINNLEGG:

Einy Rendal Elgsæther. sept 2021

Skjenkestopp

Publisert Sist oppdatert

Igjen opplever vi at oppheving av skjenkestopp er det viktigaste i samfunnet når smittevernrestriksjonane skal lettast på. Det har vore fokusert på i lang tid før annonsert pressekonferanse om opning, og er det første og viktigaste på pressekonferansen og i NRKs nyhetssending torsdag kveld.

Igjen får vi demonstrert kor avhengig det norske folk er av alkoholen, at ein ikkje kan kjøpa seg mat på utestader (skjenkestader) utan alkohol, og som vi såg tidlegare, at folk stod i lange køar ved vinmonopola i nabokommunane da Oslo stengde polet.

Heller ikkje no fekk vi høyra eit ord om kor godt det er å få besøka sine kjære på sjukeheimane, eller få samlast meir enn nokre få til gravferd.

I mellomjula fekk vi oppleva ei slik gravferd berre for næraste familie og inviterte, maks femti menneske, der elles heile bygda ville ha vore samla for å ta avskjed med ein mann som alle kjente. Det ville vore full kyrkje som tradisjonen er. Kva det betyr, fekk vi ikkje høyra noko om, eller kor håplaust vanskeleg det var for dei som skulle velja ut nokre få som fekk vera med.

Det er heller ikkje nemnd at vi no kan samlast fleire i kyrkjene til gudstenester. Det var ikkje ein gong tema før jul, vår store kristne høgtid, da dei stengde ned, at det var trist og vondt for mange at vi ikkje kunne samlast fritt til gudsteneste julekvelden eller juledag, som mange familiar og andre hadde gledd seg til. Eller kva det betyr for landet vårt. I fleire kyrkjer måtte dei også avlysa gudstenestene som elles samlar fullt hus, gjerne fleire gonger på julekvelden. Det var ikkje nemnd som eit problem i det heile tatt. Fokus var på skjenkestopp. Og på juleborda. Det var eit kjempeproblem. Det øydela advent og jul!

Fleire kyrkjelege samlingar, juletrefestar, konsertar og anna kulturelle arrangement har måtte avlysast i denne tida. Men dette høyrer vi lite om.

Proklamert «gladmelding» var at no kunne vi opna kranene og fylla restaurantane.

Da overføringa av pressekonferansen var slutt, rekna vi med å bli oppdaterte på den kritiske situasjonen i mange katastroferamma bygder av flaum og ras i Møre og Trøndelag, men først måtte vi innom nokre skjenkestader for å høyra kor stort det var at det no var slutt på skjenkestoppen. Det var viktigare enn om folk på Nord-Vestlandet kunne mista hus og jord og liv og at heile området var veglause.

Einy Rendal Elgsæther

Powered by Labrador CMS