Nynorsk for alle i nynorskveka!
Den 12. mai 1885 vedtok Stortinget å jamstille landsmål (seinare nynorsk) med dansk (seinare bokmål) gjennom «jamstillingsvedtaket». No 141 år seinare er nynorsk eit nasjonalt språk som alle lærer i skulen. Den 6. mai 2014 vart grunnlova på nynorsk vedteken av Stortinget. Det er god grunn til feire heile nynorskveka.
Målet til Norsk Målungdom og Noregs Mållag er å ufarleggjere det å skrive nynorsk for dei som sjeldan eller aldri gjer det, og å få sjå meir nynorsk rundt oss, særleg på plassar der vi vanlegvis ikkje ser nynorsk.
Vi vonar alle medlemmar og lokale lag vert med på å spreie dei nynorske orda. Altså: Skriv nynorsk i nynorskveka!!
De kan så klart skrive nynorsk ein annan dag om det passar betre – eller mange andre dagar.
Her er nokre tips som passar for dei fleste:
➤ Skriv «Eg skriv nynorsk på #nynorskdagen» på X,
Facebook, Snapchat eller Instagram.
➤ Lik eller del nynorsk der du ser han.
➤ Skriv nynorsk, les nynorsk, eller syng ein nynorsk
song.
➤ Kjøp ei vare med nynorsk tekst på etiketten.
➤ Ønsk andre til lykke med nynorskdagen.
Lykke til!
Nordmøre Mållag v/ Ingrid Kjønnøy