LESERINNLEGG:

Øystein Folden. naturvernforbundet

Kjøkkenwattmeteret

Eg er såpass gamal at eg veit kva eit kjøkkenwattmeter er for noko. Den dingsen burde fleire hatt kjennskap til. Den var så enkel at sjølv bestemor kunne kalle seg ekspert. Den hadde vore ei bra løysing for mange når vi på nyåret skal passe på straumforbruket vårt,

I den første tida med straum i heimen var det ei viktig innretting som blei kalla vippe. Bruka ein meir straum på ein gong enn det som var avtala, så slo denne dingsen av straumen. Då måtte ein skru av noko, og så kom straumen igjen. Ganske brutalt, men slik var det då trådane på høgspentlina var berre litt tjukkare enn hesjetråd og straumproduksjonen ikkje rakk til så mykje meir enn lys og radio. I den tida var det forresten vanleg med magasinkomfyr. Det var ei kokeplate som var 20 gonger så tjukk som ei vanleg ei. Den sto og varma seg gjennom heile natta, når ein ikkje bruka straum til noko anna. Så kunne ein setje bortpå kaffikjelen om morgonen og varme fiskekakene til middag, utan å skru på anna varme. Dessutan var kjøkenet varmt nok, og andre rom bruka ein ikkje før på ettermiddagen.

Kjøkkenwattmeter

Vippa blei løyst av med overforbruksmålar. Då forsvann ikkje straumen om ein skrudde på for mykje, men meirforbruket blei målt for seg, og den straumen var dyrare. For å unngå overforbruk, så blei det montert eit wattmeter på kjøkkenet. Der var det to visarar. Ein svart som ein kunne stille inn på avtala grense, og ein raud som viste forbruket til ei kvar tid. Viss ein skrudde på for mykje på ein gong, så passerte den raude pila den svarte, og så begynte det å surre. Surra det, så måtte ein velje om ein ville skru av noko, eller betale meir.

Årsaka til at wattmeteret sto på kjøkkenet var sjølvsagt at komfyren var der. Snaraste løysinga var å dempe tempoet på potetkokinga. Ved sidan av wattmeteret var det ofte ein brytar. Det var varmvasstanken. Den kunne ein skru av når ein laga middag. To dingser på kjøkkenveggen, og bestemor som sjef, så fiksa ein dette.

I 2022 skal vi altså til med omtrent det same. Då skal prisen på straum gjennom døgnet få oss til å fordele forbruket jamnare utover, heilt generelt. Dessutan er det viktig å unngå stort toppforbruk. I prinsippet ein god strategi, så ein slepp unødige investeringar og utbyggingar både av kraftverk og kraftliner. Det er noko som kan påverke naturen ganske mykje. Viss noko slikt skal ha verknad, må vi forstå at vi bruker meir enn det som er bra, og vi må kunne justere forbruket vårt der og då. Kven veit noko om dette no? I beste fall finn vi det ut ein månad etterpå. Dette må vi få vite noko om når det skjer, viss vi skal kunne gjere noko særleg med det.

Kjenner eg bransjen rett, kjem dei med tilbod om noko som kan monterast i sikringsskåpet om ein berre betalar nok. Så kan ein styre dette med ein app på telefonen. Så lett at dei som går i barnehagen forstår det. Men eg og kanskje bestemor er fortapt. For oss hadde ei litt meir moderne utgåve av kjøkkenwattmeteret vore mykje enklare. Og ein knapp for lading av el-bilen, i tillegg til brytaren for varmvasstanken, så ville det meste ha ordna seg.

Øystein Folden

Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Powered by Labrador CMS