LESERINNLEGG:
Guttastemning på norske vegar
Norske vegar har aldri vore tryggare enn dei er i dag. Likevel mistar unge menn framleis livet i trafikken langt oftare enn andre. Skal vi kome nærare nullvisjonen, må vi våge å utfordre haldningane bak rattet.
Kvart år blir unge liv brutalt avbrotne på norske vegar. Bak kvart dødsfall står foreldre, søsken, vener og lokalsamfunn att med eit tomrom som aldri kan fyllast. -Kvifor er det slik at unge menn ofte hamnar i dei mest alvorlege ulukkene?
«Guttastemning» blir ofte brukt om god stemning, kameratskap og humor. Men av og til får ordet ei mørkare side. Når det å imponere kameratane blir viktigare enn å kome trygt heim, når høg fart blir eit bevis på mot, og når ingen i bilen seier stopp – då er ikkje guttastemning uskuldig lenger. Då kan ho koste liv.
Statens vegvesen publiserte hausten 2025 ei analyse der alvorlege trafikkulykker med unge hadde fokus. https://nva.sikt.no/registration/019a547b8bb0-2d09ca30-f6f8-428e-8986-be01236f0f32 Rapporten viser at fart, manglande køyreerfaring og høg risikoåtferd går att i dei fleste dødsulykkene med sjåførar under 20 år. Unge menn er sterkt overrepresenterte. Dei køyrer oftare i høg fart, tek større sjansar og overvurderer eigne ferdigheiter. Når dette blir kombinert med rus, manglande bilbelte og kanskje distraksjon frå baksetet aukar risikoen dramatisk.
Dette handlar ikkje berre om manglande erfaring. Det handlar om haldningar.
Vi veit at unge gutar utviklar impulskontroll og risikovurdering seinare enn jenter. Samtidig er dei meir utsette for gruppepress og ønsket om å imponere kameratar. Altfor ofte blir høg fart og risikofylt køyring framstilt som tøft. Men det er ikkje tøft. Det er livsfarleg.
Med unge bilførarar og førarar av tung motorsykkel er høg risikoåtferd den viktigaste årsaka til dei alvorlege ulukkene. For dei som køyrer lett motorsykkel, er biletet eit anna. Her er manglande køyreerfaring den viktigaste risikofaktoren. Ungdom mellom 16 og 18 år ferdast på eit køyretøy der dei er langt meir utsette enn i ein bil, og små feil kan få store konsekvensar. Risikoen for å bli drepen eller hardt skadd er mange gonger høgare enn for unge som køyrer personbil.
Dette betyr at vi ikkje berre må arbeide med haldningar. Vi må også styrkje trafikkopplæringa, leggje til rette for meir mengdetrening og involvere foreldre endå tettare. Mange ungdomar får sin første smak av fridom på ein lett motorsykkel. Då må dei også få dei beste føresetnadene for å kome trygt heim.
Dette handlar om meir enn trafikkreglar. Det handlar om menneskeverd. Kvart einaste liv har ein ukrenkjeleg verdi. Difor kan vi aldri slå oss til ro med at unge menneske mistar livet fordi haldningane sviktar. Eit samfunn blir målt på korleis vi tek vare på kvarandre – også i trafikken.
Vi kjem ikkje til nullvisjonen berre ved å byggje sikrare vegar og utvikle tryggare bilar. Det arbeidet er avgjerande og må halde fram. Men vi kjem ikkje i mål utan ei haldningsendring.
Foreldre har eit stort ansvar som rollemodellar. Dei kan påverke korleis ungdom tenkjer om fart, rus og tryggleik. Dei kan stille krav til bilen ungdommane brukar, og vere tydelege på forventningane sine. Den viktigaste trafikkopplæringa skjer ofte rundt kjøkkenbordet, ikkje berre på trafikkskulen.
Venene har òg eit ansvar. Den som sit på i bilen, må våge å seie frå når farten blir for høg eller køyringa blir utrygg. Det er ikkje feigt å stoppe ein kamerat. Det kan vere det som reddar livet hans.
Det største ansvaret ligg likevel hos den som held i rattet. Å vere ein god sjåfør handlar ikkje om å imponere andre. Det handlar om å ta ansvar – for sitt eige liv og for livet til dei som sit på, og dei ein møter langs vegen. KrF legg nullvisjonen for hardt skadde og drepne i trafikken til grunn og vi prioriterar haldningsskapande arbeid. Nullvisjonen betyr at ingen liv er akseptable å miste i trafikken. Då kan vi heller ikkje akseptere at unge menn år etter år toppar statistikken over dei alvorlegaste ulukkene.
Vi treng mindre guttastemning når ho handlar om fart, prestisje og risikovilje. Vi treng meir ansvar, meir omsorg og større respekt for livet.
Den verkeleg tøffe sjåføren er ikkje den som køyrer fortast. Den verkeleg tøffe sjåføren er den som sørgjer for at alle kjem trygt heim.
Vi treng ikkje fleire unge heltar som tek sjansar. Vi treng fleire unge som kjem heim til middag.