LESERINNLEGG:

Bernt G. Bøe

Gapestokken gjeninnført i Heim?

Publisert

I gammeltida stod det gapestokk attmed kyrkja i Halsa. Denne fornedrande torturreiskapen vart avskaffa ved norsk lov i 1848. No synest det for meg og mange andre i nabobygdene at gapestokken er gjeninnført. For orden skuld: Eg veit ikkje anna om ufreden i Heim kommune enn det som kjem fram i ulike media. Men stemmer det vi ser og hører, er gapestokken i full bruk. Det Einar Vaagland blir utsett for, medrekna diverse avisoppslag, er ikkje eit lokalsamfunn verdig.

Så har da også fagfolk på høgaste nivå (som prof. em. Jan Fr. Bernt ved Universitetet i Bergen) sagt klårt ifrå at Heim formannskap ikkje kan be ein namngjeven folkevald (Einar Vaagland) om å «forbedre sin opptreden», slik dei gjorde 24. mai i år – på toppen av ei rekkje framstøt mot han.

I TK 11. august blir ordføraren sitert slik: «Jeg kan beklage at vi brukte navnet.» Men beklagar han eigentleg? Nei, tvert imot: I same kommentar forsvarar han nettopp namnebruken («Det ville sett rart ut om ikke navnet var med») og listar opp grunnar for det. Til overmål avsluttar han med følgjande sarkasme: «Eneste løsning er sikkert at alle vi andre føyer oss etter Vaagland.» Du snakkar om beklagelse!

Kommunedirektøren i Heim går også langt i å ignorere professor Bernt og gir uttrykk for at han sjøl er ueinig – utan fagleg grunngjeving.

Som sagt veit eg berre det media har røpa om forholda i Heim. Men det er meir enn nok til å sjå at her blir mannen tatt i staden for ballen. Han som med rette har varsla om udiskutable feil og overtramp i det politiske handverket, blir sett i gapestokken – i staden for at feil blir beklaga og retta.

Kanskje kan somme ikkje fordra kritikk eller måten den blir framsett på. (Slik er vi, mange av oss.) Men salig Wessel hadde eit sterkt poeng med diktet «Smeden og Bageren». Les det gjerne på neste kommunestyremøte – viss ikkje einmanns-reglementet forbyr også treffande poesi frå talarstolen!

Eller kanskje er det tryggast å boikotte både klår tale og plagsam presse, slik det no ser ut til? Vi har dessverre nok av ukritiske redaksjonar som er vevillige mikrofonstativ for dei med makta.

Som samfunnsborgar og medmenneske føler eg plikt til å skrive dette – ut frå det eg meiner å ha sett. Gapestokken må aldri bli bruka som politisk aktør!

….

Bernt G. Bøe

Powered by Labrador CMS