LESERINNLEGG:

Johs. J. Vaag

Dei eldste eldre og kommunebudsjettet for Surnadal

På sitt siste møte i Surnadal eldreråd 24. november i år fatta Surnadal eldreråd følgjande samrøystes vedtak som uttale til kommunebudsjettet for 2023:

«Surnadal eldreråd vil innstendig be om at det ved behandlinga av kommunebudsjettet for 2023 blir gjort alt det ein kan for å oppretthalde tilbod og tenester for dei eldre i kommunen. Dette gjeld ikkje minst tilboda og tenestene for dei eldste eldre. Nok sjukeheimsplassar er sentralt i denne samanhengen. Eldrerådet har registrert at eit forslag om å ta i bruk 2 av dei nedlagde sjukeheimsplassane ved Surnadal sjukeheim med verknad frå 1. januar 2023 berre fekk 4 røyster i kommunestyret i møte 20. oktober i år. Ein må prøve å unngå at sjukeheimspasientar blir plasserte ved sjukeheimar i andre kommunar grunna plassmangel i eigen kommune.

Surnadal eldreråd viser elles til vedtatt liste over saker eldrerådet vil engasjere seg i for året 2023.»

Dette vedtaket var det tanken min å lese opp under behandlinga av kommunebudsjettet for Surnadal for året 2023. Grunna sjukdom måtte eg melde forfall til kommunestyremøtet. Følgjeleg blei vedtaket heller ikkje lese opp frå mi si side.

Etter å ha vore leiar av Surnadal eldreråd i snart 16 år samanhengande er mitt inntrykk at dette med å tale dei eldste eldre si sak i Surnadal ikkje har vore lett.

Eg føler at eldrerådet sitt syn i liten grad er blitt tatt omsyn til.

Surnadal eldreråd vedtok samrøystes på møte 23.11.2021 ei liste over prioriterte saker eldrerådet ville arbeide med i 2022. Lista var på 11 saker. Sak nr. 2 på lista lydde slik: «Eldrerådet vil arbeide for å få nedlagde sjukeheimsplassar i bruk igjen. Eldrerådet viser til at det for budsjettåret 2021 ligg an til å bruke over 1 mill. kr til gebyr vedkomande ferdigbehandla pasientar som ikkje får noko behandlingstilbod i Surnadal kommune.» I møte 24.11.22 vedtok eldrerådet same uttale for budsjettåret 2023. No prioritert som nr. 3 av 12 saker.

Det er ei kjend sak at det har vore delte meiningar om nokre av dei nedlagde sjukeheimsplassane i kommunen skal takast i bruk eller ikkje. Det er også eit faktum at eit fleirtal i Surnadal kommunestyre har stemt ned forslag om å vurdere og utgreie om nokre av dei 8 nedlagde sjukeheimsplassane skal takast i bruk igjen. Dette er fakta som heilt klårt kan dokumenterast ved å gå gjennom

protokollane for kommunestyremøta for første halvår i år. Eg har i tidlegare lesarinnlegg sitert ordlyden i dei nedstemte forslaga. Eg finn derfor ingen grunn til å gjenta desse her. Det har heller ikkje til denne tid kome merknader som sår tvil om desse kjensgjerningane. Det at denne situasjonen har endra seg til det betre seinare er ei anna sak.

Etter at Eldreombodet blei oppretta i 2020 har no regjeringa vedtatt å legge ned eldreombodet. Dette har naturleg nok skapt reaksjonar hos mange, ikkje minst mellom tillitsvalde i pensjonistforeiningar og eldreråd rundt om. Eldrerådet i Surnadal vedtok følgjande uttale i sitt møte 24.11.22:

1. Surnadal eldreråd vil på det sterkaste rå til at Eldrerombodet blir oppretthalde og held fram med arbeidet sitt.

2. Surnadal eldreråd meiner Surnadal kommunestyre, som kommunens høgste folkevalde organ, også bør ha eit klart standpunkt i denne saka.

Surnadal kommunestyre har ikkje uttala seg i saka. Til samanlikning har nabokommunen, Sunndal, tatt eit klart standpunkt.

Johs. J. Vaag

Powered by Labrador CMS